Lokaliteten vart påvist som sterkt trekolhaldig kulturlag ved eitt prøvestikk i 1996. Vi trudde då at det kanskje var eit samband til lok E og dette prøvestikket vart reikna dit. Etter registrering 1997 er lok I skilt ut som eigen lokalitet på basis av fem positive prøvestikk. Det har berre vore tid til å avgrense lokaliteten i forhold til aktuell plan. Dette har gitt det resultat at ein frå Haggardselva og nordover har kulturlag bevart på terrasseflata i alle fall til sommarfjøsen, ei langstrakt stripe på ca 1500kvm. Ein veit lite om kor langt innover terrasseflata/oppover bakkane kulturlaget går, ein veit også lite om lengdemessig utstrekning. Eit positivt prøvestikk på nedsida av fylkesvegen tyder på at lokaliteten er overskoren av fylkesvegen. kulturlaget under dyrkingslaget varierar frå 6 til ca 40cm. Kulturlaget er mektigast i dei nordlegaste prøvestikka. Den vesle funnmengda tyder på at vi i hovudsak har med spor etter andre aktivitetar enn busetjing. Forholdet mellom flintfunn og dateringsgsresultat frå same nivå reiser ei rekke spørsmål.