På søraustre delareal, mellom industri i nord, bustad i aust og riksveg i sør, no LNF-område, opna vi 4 søkesjakter. I alle kom vi fram på rester av etter det gamle klyngetunet på Lynge som brann ned i 1858. Spora etter brannen var tydelege, men det var også ein del tufter, samt åkerlag m.m. Bevaringsgraden var sjeldan god. På dei fleste gamletunsområde har eit av bruka framleis hatt sine hus etter utskiftinga og fram til idag, og sjølv i dei få tilfelle der gamletunet berre har vore rein mark så er spora så og seie totalt rydda/pløgd bort. Så er ikkje tilfelle her. Skjeringa nordanfor viser også spor av eldre lag. Funna dekker heile denne markeininga. Gamletunet på Lynge har etter all sannsynlighet både nyare tids og mellomalderelement på ein og same stad. Derved kjem dei bevarte spora inn under automatisk freding etter kulturminnelova som førreformatorisk kulturminne. Åkerlag mm kan ha enno eldre element i seg.