• 92579

    id
    • 92579
    navn
    • Mulevika - X2 - X6+nyreg.
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    informasjon
    • Mulevika ligg på på den nordvestre side av Nerlandsøya, og har eit storslått utsyn vestover havgapet. Ein kan også skimte Svinøya i horisonten. Mulevika er vid, og kan skildrast som ei gresskledd, steinete beitemark, med innslag av myr. Ein stor strandvoll ligg som ein høg rygg nede ved stranda. Her ligg det også enorme samlingar med rullestein, som sjøen ein gong har lagt frå seg. Sjøen i Mulevika kan vere brutal, og dei store bårene endrar fjørelandskapet frå år til år. I Mulevika kan ein finne ein relativ sjeldan kulturminnekategori. Fleire mindre steinformasjonar på om lag 2 æ-4 meter i diameter ligg spreidd utover landskapet, samt fleire firkanta og ovale oppmuringar som truleg er eldre tufter. Ingen av strukturane er undersøkt gjennom arkeologiske utgravingar. Truleg dreier det seg om busettingsspor etter mindre hus, samt gravminner. Nede på steinmolen ligg det også fleire spanande strukturer, ovale og firkanta. Disse er relativt nyoppdaga, og det er mogeleg det er snakk om eit lite strandgravfelt på sjølve rullesteinvollen. I eit skar på strandvollen observerte arkeolog Arve Nytun eit eksponert kullag inne i strandvollen. Her vart også funne skjørbrent stein. Dette kan dreie seg om eit busetting eller aktivitetslag på strandvollen som kan syne til førhistorisk bruk av område.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-08-10T20:07:32Z
    kommune
    • 1515
    kulturminneId
    • 92579
    antallEnkeltminner
    • 14
    lokalId
    • 92579
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • AUT
    vernedato
    • 1973-08-09T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    datafangstdato
    • 1973-08-09T00:00:00Z
    opprettet
    • 2005-08-10T20:07:32Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z