Haug, ca. 15m lang VNV-OSO, 7,5m brei. På austre ende mykje tilkøyrd dyrkingsstein. For å få fastlege om haugen var folkeverk eller berre ein naturleg hump med litt jord på, slik eigaren tenkte seg, tok vi eitt prøvestikk (1955) i vestre delen. Haugen var kunstig, øvst ca. 35cm matjord, så ei tunn flo av leir, ikkje heilt samanhengande, derunder ca. 35cm stein og jord. Like under leirfloa eit par liggjande heller, som ikkje kunne vera dekke for noko grav. Heilt nede på botnen var eit lite stykke kleber, tilforma av folk, flatt på den eine sida, med ein runda kant, avbrote elles. Under hellene i jordfylla to bitar brent leire. Prøveholet tiljamna att. Eigaren vil køyre bort steinrøysa som skjemmer haugen, men vil late haugen liggje.