Strukturen har form som ei delvis rydda flate av strandstein, der ein får ein flate på 4x6 m. Flaten har i nord ein voll av strandstein som er lagt opp som mur; denne strekker seg over kløfta i aust-vest retning. Muren er frå 0,5 - 1,0 m brei og ca. 0,5 m høg. Det var ikkje spor etter noko form for konstruksjon eller artefaktar i overflata av lokaliteten. Strukturen vart ikkje undersøkt nærmare.