Tufta låg orientert N-S, rett V for bekken. Dei øvre/nordre 6 m av strukturen er tolka som sjølve naustet. Veggane stod fram som 1 m breie murar. Innvendig mål på naustet var 3 x 5 m. Frå enden av naustet og 6 m ned mot vatnet i sørleg retning vart det påvist eit område med meir tilfeldig lagt, og bortrydda stein. Langs midtaksen av denne kunne ein sjå eit tydeleg søkk i bakken. Dette området vart tolka som båtopptrekk. To eldstader vart påvist inne i tufta. Naustet har truleg samanhang med hustufta og gravrøysene. Ein må då rekna med at naustet var i bruk eldre jernalder. I denne perioden har Kollsnesvatnet vore ein liten fjordarm med gode hamnetilhøve.
Kulturminnet er fjerna.