Lokaliteten er ca. 60 m2 stor. Det ble tatt 3 funnførende prøvestikk på lokaliteten. Det ble gjort 19 funn i disse prøvestikkene. Fra Aksdal, 2004: Lokaliteten låg på eit område som vert råka av planane om eit massedeponi i samanheng med fastlandstilknytninga mellom Halsnøy og Opsanger. Lokaliteten vart undersøkt av Bergen museum i 2003 og frigjeven i samband med vegplanane. I samband med utgravinga vart det mellom anna funne to eldstader, C14-datert til førromersk jernalder. Buplassflaten har truleg vore ca. 110 m2, og har vore delvis rydda for stein. Det vart ikkje påvist kulturlag på lokaliteten. Ut frå den samla oversikten over funn og strukturar er det klart at det har vore aktivitet på lokaliteten i mellomneolitikum, seinneolitikum. Den yngste fasen er representert ved eldstadene datert til føromersk jarnalder, som har skore seg ned gjennom steinalderboplassen.