På lokaliteten vart det utført tre delundersøkjinger innanføre eit naturleg avgrensa område som i ettertid vart avgrensa til ein lokalitet, lok. 1. Denne lokaliteten har truleg eit funnførande område på mellom 150-200 m2. Undersøkjinga avdekka store kulturlag med mellom anna ein stor andel kol. I tillegg til dette blei det gjort funn av store mengder avslag av flint, kvarts, kvartsitt og rhyolitt, samt noko pimpstein. Det blei og funne ei Vespestadøks og ein amboltstein. Lokaliteten vert typologisk datert til tidlegneolitikum-mellomneolitikum.