Plasseringa i terrenget føl det som forskarane veit om steinalderen langs kysten. Truleg har lokaliteten vore strandbunden og lege på ein tørrare del av ei strandlinje fleire tusen år attende i tid. Flaten nedanfor har slik danna ei grunn vik som strekker seg mest 50 meter i aust ¿ vest retning, medan dei i nord ¿ syd har vore fleire hundre meter lang. Undersøkinga av området viste oss at det er fleire former for avsetning i området. Undergrunnen vekslar mellom finkorna sandavsetningar til steinete grunn til grov eller finkorna avsetningar med grus under. Stratigrafien på lokaliteten er noko varierande. Lag 1 er torv og jord, dette varierer frå 10-20 cm tjukne. Under dette eit sandlag som stadvis er funnførande. I prøvestikk tre og ni er det eit sandlag over det funnførande laget under; dette er truleg eit ras/erosjonslag då desse stikka ligg i ein brattare del lokaliteten. Av 10 prøvestikk på flaten var sju funnførande. Sikta til og frå lokaliteten er liten, men det er godt utsyn mot vest opp draget og opp på kollane, men mot nord, aust og sør er sikta liten, då det her er større knausar på over 30-50 meter. Avstanden til Tørkevika i dag er mellom 150 ¿ 200 meter. Det er gjort vel 50 funn i prøvestikka på flata med lokaliteten. Det er variasjon i bruken av råstoff som inkluderer kvartsitt, flint, bergkrystall og pimpstein, det er funne ei mikroflekke i materialet. Materialet gjev slik indikasjonar på ei tidfesting til mesolitikum sin siste del. Høgda ligg på vel 10-12 meter over havet og ut i frå kurvediagrammet ser me at ei tidfesting av lokaliteten til seinmesolitikum høver tåleleg bra.