Lok 40 er definert som eit funnområde av kategori B. Lokaliteten er ikkje tilfredsstillande avgrensa. På prøvestikk 6 vart det totalt funne 19 mikro- og vanleg avslag, av desse er 8 vassrulla. Det var funne eit kjernefragment og eit retusjert avslag. Det vart og gjort flintfunn på eksponert bergflate. Det er ikkje råd å tidfeste materialet ut i frå typologiske trekk, men om dei er "in situ", så indikerar høgda ei tidlegmesolittisk datering.