Lok 56 er definert som eit funnområde av kategori C. Lokaliteten ligg ved sjøkanten og ligg omlag 0-1 meter under havnivå. Lokaliteten vart funne under solding av masse frå eit prøvestikk. Lokaliteten er ikkje avgrensa av prøvestikk. Lokaliteten er ikkje avgrensa av prøvestikk. Det vart totalt samla inn tre avslag frå sjøbotnen. Eit av avslaga var slipt, og er truleg eit fragment av ei trinnøks. Det er difor mogleg å tidfeste avslaget til mesolitikum. Det vart i tillegg funne eit avslag av basalt og eit avslag av flint.