Lok 42 er definert som eit funnområde av kategori B. Funnamterialet kjem frå prøvestikk i og rundt sørvestlege del av sjakt 50, samt overflatefunn i sjakt 50. I tillegg er det tatt fleire prøvestikk i dyrka mark nord og nordvest for sjakt 50 med einsarta funnkontekst som resten og er difor inkorporert i lokaliteten, som ikkje er tilfredsstillande avgrensa. Funnmaterialet frå lokaliteten består av 78 gjenstandar, av desse er 73 flint. Brorparten av funna er gjort i det skrinne dyrkingslaget på overgongen til undergrunnsmassar. Mykje av materialet er truleg flytta på av dyrkingsaktivitet. Diagnostiske reiskapsfunn frå seinmesolitikum er påvist ved ei trinnøks funnen i EK 26. Keramikk (EK 31), og makroflekker og ein flekkestikkel syner at dleire tidsbolkar er representert i materialet.