Lok 43 er definert som eit funnområde av kategori B. Gardsvegen kan ha øydelagt deler av lokaliteten då EK 8 ligg 3 meter vest for vegen. Materialet i EK 7 på nedsida av vegen er funne i torva og er ute av kontekst. Lokaliteten er ikkje tilfredsstillande avgrensa. I to prøvestikk vart det totalt funne 6 mikro- og vanlege avslag av flint, av desse er eit avslag brent. Det er ikkej råd og tidfeste materialet ut i frå typologiske trekk. Funna i EK 8 er gjort i eit gruslag like under torva.