Lok 47 er definert som eit funnområde av kategori C. I eit prøvestikk vart det totalt funne 3 avslag og ein bipolar kjerne. 75% av funna er av flint medan resten er eit avslag av kvarts. Funna er gjort over og i grove omrota sediment av stein og grus. Det er sannsynleg at funna er redeponert av skråningsaktivitet av lokalitetane ovafor.