Det vart grave 11 sjakter av varierande storleik innafor plangrensene. Sjaktene 9 og 10 strekk seg langs vegtraséen som er planlagt over innmarka på Tofte gnr. 196 bnr. 4 og 5. Vegtraséen er planlagt å komme inn att på eksisterande veg ved Bedehuset i nordaust. På Tofte gnr. 195 bnr. 2, vart sjakt 11 lagt. Sjaktene 1 - 8 ligg i den sørlege delen av planområdet. Alle sjaktene her ligg på Kvitavoll gnr. 198 bnr. 2, unnateke sjakt 7 som òg strekk seg inn på bruk 1. Samla sett er sjaktene på mellom 3 til 4,5 meter breie og lengda varierer frå 15,5 meter til 85 meter. Planarealet som ikkje fylgjer eksisterande vegtrasé utgjer ei lengd på ca 750 meter. Med ei breidd på 20 meter utgjer dette ca 15 dekar. Det opna arealet er på 1291,5 kvadratmeter, dvs. at vel 8,6 prosent av planarealet er opna og undersøkt. Innafor planområdet vart det avdekka busetnads- og aktivitetsspor frå yngre steinalder, bronsealder, eldre jernalder og tidleg mellomalder. Det er relativt tett med strukturar i sjaktene 1, 3, 4, 5 og 7, medan spora i sjakt 1 og 6 er få. Sjaktene 8, 9, 10 og 11 er funntomme. Grunntilhøva i området er gode, og då spesielt i sjaktene nord for grusvegen på Kvitavoll. Dei registrerte strukturane er derfor godt synlege i undergrunnen. Det er om lag fritt for stein på dei avdekka flatene. Det meste av stein som er påvist her er i tilknyting til strukturar. I den første registreringsperioden var det sterk sol, og dette gjorde arbeidet med å identifisera strukturar vanskeleg og talet på nedgravingar i sjakt 1, 2 og 3 er nok høgare enn det me har klart å finna. På Kvitevoll er det til saman avdekka 166 strukturar. Dette dreiar seg om veggriller, veggvoller, stolpehol, eldstader og kulturlag etter hus. I tillegg er det avdekt kokegroper, åkrar og ardspor, og ei moglege grav. Det vart funne fleire skår av asbestmagra keramikk og annan keramikk, samt flint- og rhyolittavslag i, og i tilknyting til strukturar. Det vart òg funne ein brynestein. Fleire av veggrillene, veggvollane og stolpehola viser tydeleg eit system som gjer at me kan identifisera spor etter fleire hus. Strukturane ligg i ein konsentrasjon, der det er råd å identifisera fire til fem hus. Fire av desse huskonstruksjonane er sikre. Nord for grusvegen, i sjakt 1, 2, 6 og 7, ligg to huskonstruksjonar om lag parallelt over for kvarandre. Her er òg i tillegg til veggriller og stolpehol funne spor etter steinpakningar som må tolkast som veggvollar. Orienteringa på desse to huskonstruksjonane er om lag aust ¿ vest. Sør for grusvegen er det i sjakt 3 og 4 påvist spor etter ein sikker huskonstruksjon som er orientert aust ¿ vest, medan det i sjakt 5 er funne spor som kan tyde på at det ligg endå eit hus her. Sistnemnde ser ut til å være orientert nord ¿ sør. I tilknyting til huskonstruksjonane vart det mellom anna funne keramikkskår, bryne/meisel og avslag i flint og rhyolitt.