Ved registreringa vart det gjort funn over eit område på omlag 1000 m2. Innafor dette området var det minst tre funnkonsentrasjonar. En valde å konsentrera seg om funnkonsentrasjonen lengst i S. Eit område på 200 m2 vart avtorva maskinelt, og omlag 65 m2 vart gravd for hand. Lokaliteten er avgrensa ved bergnabbar eller tomme prøvestikk. Totalt vart det registrert 15 strukturar: 1 eldstad, 1 rydda flate og resten fargeflekkar. Det vart gjort 5916 funn på lokaliteten. Flint utgjorde over 50% av funntilfanget. Dei funnkategoriane som er daterande peikar eintydig mot seinmesolitikum. Lokaliteten representerer truleg ein bruksfase nytta i ein kort periode.