Arbeidet med tomta var påbyrja under registreringa i samband med reguleringsplanen i 2001. Det var derfor uråd med prøvestikking for å finne stratigrafi og avgrensing av lokaliteten. Det vart difor berre samla inn nokre funn frå omrota masser på lokaliteten. Massene høyrte til på staden. Det er uråd å seie kor mykje funn det kan ha vore på lokaliteten fordi tomta var sprengt og ferdig planert med sprengingsstein. Truleg har lokaliteten vore av same karakter som lokalitet 2 i Hummelsundet.