Grav: kiste av kantsette heller og dekkhelle, i bakken NV for tunet, 15-20 m NV for vedhuset, 6-7 m ovanfor vegen. Her er f. jarnsaker som skal vere sende til B.M. Det synest vere denne som i litteraturen er nemnt som gravkammer i haug av jord og stein, men nokon haug er ukjent no. Gravkammeret var l,90 m langt (d.v.s. det vart visseleg sagt 3 alner = 1,91 m) med ei helle i kvar side og ei stor dekkhelle. Her låg leirkrukke og pinsett.