Hellaren måler 10 m vest-nordvest - aust-søraust og 3,5 m sør-sørvest - nord-nordaust. Høgda er opp mot 1,5 m. Ein kan ikkje stå oppreist i hellaren men her kan det sitta 2-3 personer i den tørre delen av hellaren. Opp mot skrenten i aust ligg nokre store steinblokker og framfor hellaren, ned mot myra, ligg og nokre større steinar. Inne i hellaren veks det kun litt mose. Ut forbi er området ned mot myra dekt av mose og lyng og det står nokre større furutre nord-nordaust for hellaren. Det vart teke eit prøvestikk om lag midt i hellaren. Lag 1 var mørk brun torv. Under torva finn ein eit grått grus og sandlag som verkar utvaska og som er silthaldigt. Lag 3 er lysare enn 2 og inneheld og nokre få kolbitar. I botnen av lag 4, på toppen av lag 5 vart det gjort funn. Massen ver her kompakt. I lag 5 vart det gjort nokre få funn. Laget er ¿spetta¿ og her var ein god del kol. Det vart teke ut ei kolprøve frå lag 5. Denne vart datert til overgangen tidligneolittikum / mellomneolittikum, 14C alder før notid 3970 ± 60, kalibrert alder BC 2560-2405.