Steinalderlokaliteten måler om lag 28 X 16 m orientert VSV-ANA - NNV-SSA. Lokaliteten er grasgrodd og her er beiteland. Draget lokaliteten ligg i teiknar seg som ei slak flate som skrår opp frå vest mot aust. I sør er området avgrensa av ein kolle. Inn mot kanten av kollen ligg restar etter ein gamal veg. Om lag midt på flata og ned mot kanten av flata i vest går ei kisteveit. I kanten mot vest ligg veita no open heilt ut mot eit gjerde og ein port. Midt på den skrånande flata er det temmelig vått og her er meir enn ein meter med myr på fleire plassar. Lokaliteten skrår opp frå den dyrka myra i S. Lokaliteten teiknar seg som ei skrånande flate klårt avgrensa av ein 2-3 m høg loddrett bergvegg i aust og låge berg i N. Lokaliteten ligg i hovudsak på desse godt drenert plassane men det vart og gjort nokre få funn i myra nedanfor lokaliteten. Det vart teke til saman 11 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 5 av stikka var positive. Stratigrafien på lokaliteten varierar. Stratigrafien på lokaliteten varierar noko. I prøvestikk 1 finn me rett under grastorva eit mørk brunt humushaldig lag med noko sand og grus. Her er og noko stein, spesielt ned mot botnen av stikket. Laget er om lag 25 cm tjukt og under er det berg. I prøvestikk 3 er lag 2 eit mørkbrunt til svart humushaldig lag med sand og grus. Dette laget ligg over eit gråbrunt lag med sand (lag 3). Det vart gjort funn i toppen av lag 3 men resten av laget inneheldt ikkje funn. I prøvestikk 4 finn ein eit grått gruslag med noko sand og stein under lag 1. Lag 2 er funnførande. Lag 3 er sterilt og inneheldt brungrå sand. Prøvestikk 5 er mykje likt prøvestikk 4 men her er lag 2 meir brunt enn i prøvestikk 2. I prøvestikk 5 er det klart mest funn i overgangen ned mot gruslaget. Ut frå stratigrafien kan det sjå ut som om lokaliteten er noko omrota. Om dette kjem av at her har vert åker er usikkert.