Kolgropsamling med 6 kolgroper. Samlinga måler omlag 250 x 80 meter orientert NNV-ASA.
Utgraving 2007:
På grunn av det vanskelege terrenget blei kun kolgropene 97838/1, -2 og -5 snitta med maskin. Kolgrop 97838/4 blei snitta manuelt. Kolgrop 97838/7 blei også delvis snitta manuelt, ved at ei sjakt blei gravd gjennom vollen og deler av milebotnen. Frå dei øvrige kolgropene blei det kun tatt ut prøve ved hjelp av prøvestikk i milebotnen. Det blei ikkje påvist faseinndeling i nokon av dei snitta gropene.
Kolgropene på Buhaugane verkar alle å være ovale og bolleforma, og vesentleg mindre enn kolgroper på Hovden i Setesdal (Bloch-Nakkerud 1987), Dokkfløy (Larsen 1991), Rødsmoen (Narmo 1997) og 52 Gråfjell (Damlien og Rundberget 2007, Rundberget 2007).
Frå registreringa var ein kolprøve frå kolgrop 97838/3 datert til 890-1060 e. Kr. (Dokset 2005). Ein ny prøve frå denne gropa blei datert til 880-1030 e. Kr. 45
Dateringane frå dei øvrige gropene låg mellom 660 og 1200 e. Kr., med hovudvekt på vikingtid og tidleg mellomalder.