Kokegropa er vel 80 cm i tverrmål, og snittet viser ei djupne på 20 cm. Rund i flata, bua botn. Skjørbrend stein og trekol i overflata. Lite forstyrra. Overdekning ca 25 cm matjord. Profil syner øvst eit trekolhaldig lag med skjørbrend stein, sand og grus(lag 1). Under dette kjem eit trekollag på 10 cm i botn som går ut i null mot kantane (lag 2). Det er teke ut trekol til datering frå lag 2.
Kulturminnet har på kartet vore feilplassert på gnr. 60, bnr. 2. Dette skuldast nok innmåling med handhalden GPS. Kokegropa vart snitta og frigjeven etter kontakt med RA og Universitetsmuséet i Bergen.
Innberetning i Rapporter_1_2006_Kvinnherad