Gropa (nr. 19 i registreringsrapport) ligg på ei opa flate med tett,låg bjørkeskog rundt. Ho ligg 5 m sørvest for kant der terrenget heller nedover i sørvestleg retning. Gropa er rektangulær, orientert aust-vest, 1,90m x 1,40m, 20 cm djup. Svært uklar nedskjæring.
Utgraving 2007:
Gropa verka å være oval og bolleforma. Diameteren var om lag 140x100 cm, og djupna (frå dagens markoverflate til botn av gropa) om lag 60 cm. Massane i gropa besto øverst av eit kolblanda torvlag, medan botnen besto av eit lag med kolblanda sand/jord med skjørbrent stein. I den halvdelen av kokegropa som blei gravd vekk ved snittiga var det 60 liter/93,5 kg neve- til hovudstor stein. Det kunne ikkje skiljast ut fleire bruksfasar av gropa. Ein kolprøve tatt ut i profilen til
gropa blei vedarsbestemt til bjørk og datert til 220-440 og 490-520 e. Kr., og indikerer bruk i sein romartid eller folkevandringstid.