Fornminne: Dyregrav, stor og tydelig grav. Steinete voller. Mye stein i bakken. I graven ligger det en god del tørrkvist. Ytre diameter 1050 cm, indre diameter 600 cm, ca dybde 160 cm.
Her blei gruvedirektørboligen for Undalens Molybdengruber A/S bygd i 1918, men gruvedirektøren rakk aldri å flytta inn før gruva blei nedlagd i 1919. Bygningen blei brukt som hotell fram til 1950-åra, men i 1969 brann han ned etter eit lynnedslag. Grunnmuren er borte, men den støypte trappa står ennå. Ved sida av står stigerboligen ennå, eigentleg bygd oppe ved gruva, men flytt ned hit.
Beskrivelse fra lokalitet:
Brudledet er på 16 steinar i år 2007. Segna seier at alle deltakarane i brudefølgjet omkom. For å koma til brudle, må ein gå langs ein gamal stig. Denne stigen går frå gruvetippen og vidare nesten vassrett eller litt nedover (mykje lågare enn det gule gruveskiltet) for så å stiga litt, og etter 370 m rekna frå gruvetippen kjem ein fram til brudle. Stigen var ei strekning av den gamle prestevegen mellom Bjelland prestegard og Åseral anneks fram til 1840. Brudle ligg 65 m etter at ein har kryssa eit ørlite dalsøkk. Brudle ligg 20 m ovanfor (sør for) stigen. Langs stigen er det då att 280 m til steinbrua ved det attgrodde dyrkingsfeltet Gråstadmyrè. Det er sett opp skilt ved brudle.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Utgangspunkt: Gruvetippen. Følg gamal stig (denne stigen går vassrett eller litt ned, og han ligg mykje lågare enn det gule gruveskiltet oppe i lia, men stigen stig deretter litt oppover). Etter 450 m langs stigen, rekna frå steintippen, kjem ein fram til eit punkt der ein så vidt kan sjå brudle som ligg på eit berg 20 m ovanfor (sør for) stigen. Om ein har følgt stigen rett, har ein for 65 m sidan kryssa eit lite dalsøkk. Frå punktet i stigen, 20 m nord for brudle, er det att 280 m langs stigen fram til steinhellebrua ved det attgrodde nydyrkingsfeltet i Gråstadmyrè. Brudledet er ikkje berre på 16 steinar, men på 18 steinar! Men det stemmer at det vender nord-sør. Segna seier at eit brudefølgje fraus i hel her. Der skal vera éin stein for kvart menneske i brudefølgjet. Grunneigaren har sett opp eit raudt skilt som viser Brudle.
Beskrivelse fra lokalitet:
Heller under steinblokk, plass til 4. Nærare vatnet ligg tufta etter stølen. Denne stølen blei nedlagd så tidleg som i 1918.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Heller under steinblokk, plass til 4. Nedanfor helleren (nærare vatnet) ligg tufta etter stølsbua. Denne stølen blei nedlagd så tidleg som i 1918.
Meget synlig og tydelig oppbygd mur med form som en halv oval. Høyden er ca 0,5 m. Steinen er av forskjellig størrelse, og ytterst mot kanten i V og i S ligger to store, jordfaste steiner. Flaten inne i oppmuringen er litt nedgravd. Bogastellen er plassert på kanten av platået som ligger like over elven.
Lokaliteten ligger mot N på et NV-SØ gående høydedrag, med utsikt over Verkenselva i S. På dette høydedraget ble det funnet restene etter 8 kokegroper og 4 mulige stolpehull (R1-R12). Området med funn er konsentrert og klart geografisk avgrenset i og med at det ligger oppå selve høydedraget.