Beskrivelse fra lokalitet:
Steinring under jordoverflata kom til syne ved dyrking.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
"Nordvest for Rishaugen eller Kongshaugen fant en for noen få år tilbake en steinring. Steinene ligger under jordflaten og kom til syne da det ble dyrket tett ved. Inne i ringen er en haug som ikke er gravet ut. Steinene er 20-30 cm i diameter, og ringen har et verrmål på 4-5 meter. Den er ikke ødelagt, men ligger i sin opprinnelige form." OMtrentleg lagd av på kartet.
Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Kongshauen over Bjærumsmyra til Sæsvodden låg det ein fin hellelagd veg. Men så blei hellene fjerna under dyrking på slutten av 1800-talet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Frå Kongshauen over Bjærumsmyrå til Sæsvodden låg det ein hellelagd veg. Men på slutten av 1800-talet blei hellene fjerna under eit dyrkingsarbeid.
Beskrivelse fra lokalitet:
To gravhaugar som blei øydelagde rundt 1880. Begge var mannshøge. I den eine gravhaugen stod det fem leirkrukker nokså nære einannan i ein sirkel. Krukkene var dekorerte med strekar og teikningar. Inne i krukkene låg ei tjukk seig masse som minna om tjukk svart kjerrehjulsmøring, og som stanka gyseleg. I den andre gravhaugen blei det funne ei lita stridsøks av jern. Der blei det au funne eit skrin av tre som hadde beslag og handtak av bronse eller jern (det var raudare enn det raudaste gull). Det blei selt til ein mann i Farsund for 10 kr. I gravhaugane låg det mange kolbitar. Der låg særleg mange kolbitar i eit søkk like ved gravhaugane. Om lag 10 m nord for gravhaugane stod det ein stor bautastein. Dessverre blei tunet på bnr 2 bygd akkurat på gravhaugane då dette bruket blei utskilt rundt 1880, og den eine gravhaugen blei utgraven til kjellar. Bautasteinen blei kløyvd i to, og den eine delen blei brukt til opninga i ein skorstein, men no ligg han i bryggjarhuset. Like ved gravhaugane låg det ei grav som dei kalla Danskegrava der det blei funne eit tvieggja sverd, 60 cm langt. Skaftet var bortsmuldra, men sverdbladet blei selt. Staden der Danskegrava låg, heiter enno Dannemark.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
To gravhaugar blei gravne ut rundt 1880. Begge gravhaugane var mannshøge. Dei var mura opp av veltesteinar, og over låg det eit jordlag. Den eine gravhaugen blei graven ut til kjellar for setehuset. I begge gravhaugane fann dei leirkrukker. I den eine gravhaugen stod det 5 leirkrukker nokså nære kvarandre i sirkel. Krukkene var utkrota med strekar og teikningar. Inne i krukkene låg det ei tjukk seig svart masse som likna tjukk svart kjerresmøring, og dette krukkeinnhaldet hadde ein gyseleg stank. I den andre gravhaugen låg det ei lita stridsøks av jern. Der låg au eit skrin av tre med bronse- eller jernbeslag og handtak. Beslaget var raudare enn det raudekte gull. Det blei selt til ein Salvesen i Farsund. I gravhaugane låg det au mange kolbitar. Rundt 10 m nord for gravhaugane stod det ein diger bautastein, men den blei kløyvd i to og brukt til framstykke i skorsteinen i setehuset. No ligg han i bryggarhuset. Årsaka til at alt dette blei øydelagt, var at bruket Vodden blei kløyvd i to rundt 1880, og så blei det nye tunet rydda akkurat der desse gravhaugane låg.
Tuft A (nordligst): 6 x 3,5 m. markerer seg som lett nedsenkning og innskjæring i bakken. Svakt markert voll. opp til 15 cm. dyb. 4 m. sør for tuft A ligger tuft B; 8 x 4 m. godt markert, lett nedgravd (opp til 15 cm.) innskåret i bakveggen, vollen fremst mot sjøen tydelig markert, opp til 1,5 m. bred og 10 cm. høy. Rett voll i voll med tuft B ligger en mulig tuft C; 4 x 2,5 m. Svakt markert, lett nedgravd. Kontrollbefart 2013 av H.Birkely, geometri oppdatert.