I nord er lokaliteten avgrensa av vegen som går frå rundkøyringa mot Eide og Harkestad og inn til industriområdet. I nordaust ligg industriområdet heilt inntil lokaliteten, og her er det eksponert ein profil med 60 cm tjukt kulturlag. Søraust for industriområdet består avgrensinga av eit lite berg. Mot vest er lokaliteten avgrensa av eit lågt svaberg som går i retning nordvest-søraust. Mot sør er lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk (AR1, AR2 og TEL30). Kulturlaget i austenden av lokaliteten kan følgjast om lag 8 meter mot vest i den framgravde profilen. Det er ikkje påvist spor av kulturlag i dei næraste prøvestikka (TEL26, TEL27, AKS13 og AKS14), noko som gjev visse indikasjonar på kulturlaget si utbreiing mot vest og sør
Utgraving 2012:
Lokaliteten lå i kanten av et industriområde, og var delvis skadet ved et inngrep der deler av den nordlige delen var fjernet med gravemaskin. Om lag 35 kvadratmeter ble undersøkt ved utgravingen, med standard rutegraving, og til dels flateavdekking for å se etter strukturer.
Lokaliteten ligger 11-12 moh. og har radiologiske dateringer som strekker seg i tid mellom 7300 og 6100 BP (senmesolitikum), i tillegg til dateringer fra topplaget til bronsealder og jernalder, og fremstår som en klassisk kulturlagslokalitet knyttet til bosetnings- og fangstrelatert virksomhet. Det ble samlet inn om lag 15.000 funn fra kulturlag som på det meste var over 50 cm tykt. Av spesielle funn var en gåsefigur av kleber, to steder der det var lagt ned parvise økser, samt fiskesøkker og vanlig boplassmateriale (flekker, økser, kjerner, slipeplater, pilspisser osv.). Det ligger fortsatt igjen en benk med intakte kulturlag i sørøstlig del av lokalitetetn.
Mot sør er lokalitet 2 avgrensa av vegskjeringa ved gangvegen langs fylkesvegen. Hovedkonsentrasjonen av funn, representert ved prøvestikka AR3, AR4, TEL36 og TEL37, er gjort på flata rett nord for vegen. Her dannar steile berg naturleg avgrensing mot aust (merk likevel at eit avslag er påvist i TEL38 som ligg på ei berghylle). Steile berg dannar også avgrensing mot nordvest (ved TEL37). I sørvest utgjer ei bergskråning med lågt overdekke av lyng og utan lausmassar avgrensinga. Det er også funn i prøvestikka TEL 35 og AKS 15 i eit smalt og lite daldrag nord for AR3. Daldraget går etterkvart over i ein vidare dal. Her er enkelte funnførande prøvestikk som AR5, TEL32 og TEL39. Mot nord avgrensast lokaliteten mot lokalitet 3 av tre negative prøvestikk (AR6, TEL34 og TEL41). Lokaliteten er om lag 1250 m2 i utbreiing.
I en SØ-vendt helling, like i kanten av myrlendt terreng, ligger spor etter minst en tuft. Det er ingen klare dyrkningsspor i nærheten, kun en mulig rydningsrøys.
Rektangulær kullgrop med bred og lav voll, orienter N-S. Ytre mål 7,8x6,9m. Indre mål 5,6x4m. Dybde 0,8m. På vollen står 3 furutrær. Gropa ligger 4m N for sti og 35m ovenfor Y-kryss i sti.
Lokaliteten er definert ut frå to funnførande prøvestikk; AR7 og TEL40, som tilsaman har 221 funn. Den er godt naturleg avgrensa mot aust, vest og nord. Mot sør er lokaliteten avgrensa og skilt frå lokalitet 2 gjennom dei 4 negative prøvestikka TEL33, TEL34, TEL41 og AR6. I aust og vest avgrensast lokaliteten av berg i dalsidene. Mot nord går det ei bratt slukt ned mot ein aust-vest-gåande kløft. Utbreiinga til lokaliteten er om lag 250 m2.
Det er gravd i alt 10 prøvestikk kor av 6 er funnførande med samla 22 funn. Både mot nordvest og søraust er det avgrensande berg i dalsidene, enkelte stader dekka av skrinn vegetasjon. Prøvestikket TEL 17 er negativt og gravd på ei ny flata ovanfor berget søraust for lokaliteten. Likeeins er TEL18 negativt og avgrensar mot nordvest. I den sørvestlege dalenden er lokaliteten avgrensa ved skjæringa ned mot bilverkstaden/bensinstasjonen. I nordaust renn dalen ut i ei bratt kløft.