Beskrivelse fra lokalitet:
Kòlgrop. Ho ligg på sørsida av ein aust-vest-vend rygg som stikk ut i Sandvatn. Kolgropa er rund, ho ligg innmed berg i nordvest, men er elles omringa av ein låg voll. Vollen er 3/4 m brei og 1/3 m høg. Jordboring viste eit utvaskingslag nedst, oppå der 11 cm kol og øvst 3 cm torv. Innvendig diameter 1,5 m. Utvendig diameter 3 m. Kolgropa er 0,4 m djup. Ein må sjå kolgropa i samband med ein jernvinneomn 65 m lenger sørvest og med eit jernvinneanlegg 140 m lenger nordvest, begge under vatn no.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kòlgrop. Ho ligg på sørsida av ein rygg som stikk vestover ned i Sandvatn. Ho er rund, ligg innmed eit berg i nordvest, men ligg elles omringa av ein voll som er 3/4 m brei og 1/3 m høg. Diameter innvendes 1,5 m, utvendes 3 m. Ho er 0,4 m djup. Ein lyt sjå henne i samband med jernvinneomnen som låg 65 m lenger sørvest, og med jernvinneanlegget som låg 140 m lenger nordvest.
Beskrivelse fra lokalitet:
Når vatnet står lågt, stikk det eit nes som vender nord-sør, ut i Sandvatn. 16 m sør for ein knaus som stikk opp som eit skjer ved HRV, ligg det ein jernvinneomn. Omnen har forvitra steinheller, store mengder skøyrbrende steinar og to slaggklumpar med leirklining. Straks nord for omnen ligg det ei samling slagg med bitar på godt over 1 kg. Elles ligg det slagg spreidd i eit område på 6 x 7 m. Denne jernvinneomnen ligg 150 m nord for ein annan jernvinneomn og 140 m nordvest for ei kolgrop, sjå begge desse i Askeladden.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Når vatnet står lågt, stikk det eit nes vestover ut i Sandvatn. Ein knaus på neset stikk opp som eit skjer ved HRV. 16 m sør for knausen (skjeret) ligg det ein jernvinneomn av forvitra steinheller, mykje skøyrbrende steinar og 2 store slaggklumpar med leirklining. Straks nord for omnen ligg det mykje slagg med bitar på over 1 kg. Elles ligg det slagg i eit område på 6 x 7 m.
Y-dia= 8,90m, I-dia= 5,40m, D= 1,10m, voll= 1,75m. Rund tjæremile med renne mot S. Gropa er belagt med lyng og mose.På vollen er det noen furutrær. Gropa er let t synlig.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet: Funn av 4 flintavslag, 2 kvartsstykke, 2 bitar av brent bein og delar av 2 bryne. Like ved ligg det ein grunnmur. Det ligg fleire skøyrbrende steinar rundt omkring.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinalderlokalitet: Funn av 4 flintavslag, 2 kvartsstykke, 2 bitar av brent bein, delar av 2 bryne. Like ved ligg det ein grunnmur. Det ligg fleire skøyrbrende steinar rundt.
Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet: 1 flekkfragment og 1 mikroflekke av flint, 3 flintavslag og 1 kvartsstykke.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinalderlokalitet: Funn av 1 flekkfragment og 1 mikroflekke av flint, 3 flintavslag og 1 kvartsstykke.