Beskrivelse fra lokalitet:
Funnstad steinøks C24309. Påvist av Egil Hanslien etter opplysningar frå faren Olav Hanslien. Steinøksa var funne på 1920-talet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinøks C 24309. Funnstaden som vart påvist er ein haug/holme A på jordet, L 15 m, B 12 m. Flat på toppen. Punktet vart innmålt ca. midt på denne flata. Denne haugen/holmen vart oppdyrka etter at låven som stod på den vart rive. Øksa vart funne under nokre steinheller. Truleg ikkje djupare enn ca. 0,5 m, fordi det vart dyrka med hakke og grev i den tida funnet vart gjort. Det skal ha vore kol i jorda i området der øksa vart funne, men det er uvisst om det var like rundt øksa.
Gropa ligger 15 m N for Flishogdveien. På høydepunkt i S helling. Hogstflate med spredt furu, småskog. Gropa er lett synlig på 20-30 m avstand. Kvadratisk grop, markert voll. Bunnmål: B 2,8m, L 2,9m, I - mål 6,1m, Y - mål 8,8m, D : 1,1 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ei lita kolgrop.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kolgrop på morenehaug ved Slådalsvegen. Vid grop, kvadratisk botn. Ingen voll. Indre L 1,90 m, B 1,90 m. Dybde 0,4 m. Påvist kol med jordbor i gropa. Mykje stein i botnen av gropa påvist med jordbor. Ligg mellom to fangstgroper.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ein steinalderbuplass. Tidlegare registrert av Jakob Ågotnes (1967), "Øvre Sjodalsvatnet II".
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinalderbuplass. Tidlegare registrert av Jakob Ågotnes (1967) "Øvre Sjodalsvatnet II". Den gongen vart det funne eit par avslag, og tidlegare hadde Jakob Brekken funne ein skrapar og eit avslag der (Ågotnes 1967:46). Ved registreringa 2007 vart det teke ti prøvestikk på grusflatene på neset. Eit positivt prøvestikk. Funn var eitt flintavslag med cortex og slagbule. Funnet vart ikkje teke inn.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ein steinalderbuplass, av Østmo kalla "nedre Heimdalsvatnet 4".
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinalderbuplass tidlegare registrert av Østmo (1975) "nedre Heimdalsvatnet 4". Det vart under årets registrering observert fire-fem ljosgrå og ljosbrun flint, og eit bergkrystallavslag. Desse låg i opne grusflater på den nordvestlege spissen av haugen. Ingen funn vart teke inn. Dvergbjørk i A i skråninga av haugen, på flata i nedkant mot VNV ligg to store steinblokker. 75 m V ligg "nedre Heimdalsvatnet 5".
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ei kolmile. Påvist av Jakob Kleiven.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kolmile, ligg på flate på N side av bilveg på Tolstadåsen. Undersøkt utstrekning av kol med jordbor, L 30-40 m NNV-SSA, B ca. 12-15 m frå kant/mogleg voll i ANA til bilveg i SSV. Tjukkleik på kollaget ca. 0,6 m. Ca midt i denne utstrekninga er ei forhøyning. Punktet er teke der. På forhøyninga ligg ein saltstein, og det er svarttrakka rundt denne. Jorda er heilt svart av kol. På forhøyninga sin A del er det truleg grave ut masse. Det er også påvist kol på S sida av vegen. Vegen skjer kanskje gjennom mila.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ei kolgrop. Lengde 500, br. 500, dj. 60. Påvist av Jan Stokstad.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kolgrop. Ligg 3 m SSA for tuft. Einer kring kantane, grasvegetasjon i gropa. Vid kvadratisk grop. Kraftig voll mot A og S. I S-leg kant ligg steinar i ein slags firkanta formasjon. Pga tett einer var det ikkje mogleg og sjå nærare kva det kunne vere. Ytre L 7,50 m, B 7 m. Indre L 3,80 m, B 3,30 m. Dybde 1 m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ei kolgrop.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kolgrop. Ligg V for eit bekkefar i knekkpunktet mellom austenden på A-V gåande morenerygg og svakt hellande terreng. Oval-bolleforma grop som smalnar nedover mot botnen. Ingen voll. Indre L 3,70 m, B 2,90 m. Dybde 1,30 m. Påvist kol i gropa med jordbor. Fangstgrop mot S. Veks ei bjørk i gropa.
Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet med ei steinbu. Den er Østmo si registrering nr. 4 i innberetninga frå 1975.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinbu tidlegare registrert av Østmo (1975), registrering nr. 4 "hustuft". V for Festningsbekken, i N vendt skråning ca. 50 m S for nedre Heimdalsvatnet. Steinbua er skore ned i bakken, og i skråninga bak. Den består av eit oppmura rektangulært rom, ca. 3x2 m. Høgde på muren ca. 1,30 m. Opning mot N mot vatnet. I SA hjørnet er ein oppmura eldstad med opning for røyken i toppen, og opning for elden i nedre del.