Gråtarreinè er bròtet mellom dei to flatane med dyrka mark. Dette bròtet strekkjer seg over fleire bnr., men Kong Åmunds haug låg iallfall på bnr 10 (bnr 10 har seinare gått inn i eit anna bnr). I Kong Åmunds haug var det eit gravkammer som det låg ei helle over. Inne i kammeret låg det keramikk, kol og brende bein. Hella blei teken bort og brukt som dørhelle framføre Asbjørn Åslands setehus, men ho har seinare kome bort. Det låg i alt seks gravhaugar i Gråtarreinè (Amund Helland: "Norges land og folk", 1903). Ein haug som blei graven ut i 1820-åra, inneheldt ein koparkjele og leirkar frå eldre jernalder. Då dei pløgde på Gråtarreinè i 1917, kom dei ned på ei mannsgrav der det låg to eieggja sverd, ein spjotspiss, fire pilspissar, ei øks, eitt eldstål, ein sigd og eitt høveljern. H. Gjessing trur at det var ei flatmarksgrav frå seint på 700-talet. Rundt 1920 blei alle gravhaugane, medrekna kong Åmunds haug, utjamna.
Beskrivelse fra lokalitet:
Nemnd som eigen gard frå 1629 til 1723. Kona på Skjerkjestøl var blitt tvangsgifta med mannen på Skjerkjestøl som var mykje eldre. Men venen hennar heldt likevel fram med å koma på besøk. Når mannen hennar var heime, reiste ho ein kubbe som teikn på at venen hennar ikkje måtte koma inn. Men ein gong gløymde ho å reisa kubben. Då song ho for barnet sitt ein song som skulle få venen hennar til å skjøna at han ikkje måtte koma inn. Ein gong seinare fatta manen hennar mistanke, la seg på lur og drap venen hennar. Jf. "Eg ser deg utfor gluggjen", også kalla "Skjerkjestølsviså". Segn om stor brann i området rundt garden. Seinare blei han støl (øydgard) under garden Åsland. Endå seinare kom han som medgift til garden Berg.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Skjerkjestøl er nemnd som eigen gard i 1626. Visa "Eg ser deg utfor gluggjen" er kalla "Skjerkjestølsviså".
Beskrivelse fra lokalitet:
Åslands Øydgard (Snæres Øydgard) er nemnd som eigen gard under namnet Homstøl i 1631. Før kunne ein sjå både tufter og merke etter åkrar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Åslands Øydgard (Homstøl eller Snæres Øydgard) er nemnd som gard i 1631. Før kunne ein sjå både tufter og merke etter åkrar.
Beskrivelse fra lokalitet:
Her skal vera tri gravhaugar. Den siste som grov der, fann ei øks og noko som dei meinte måtte vera sverd eller spjotspiss. Staden er berre grovt lagd av på kartet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I dette området (det er berre grovt lagd av på kartet) skal det finnast tre gravhaugar. Den siste som gorv der, skal ha funne ei øks og noko dei meinte måtte vera eit sverd eller ein spjotspiss.
Beskrivelse fra lokalitet:
I gamal tid stod husa på garden like under åsen der Mjulibekken kjem ned med friskt vatn. Grovt lagt av på kartet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I gamal tid stod husa på garden like under åsen der Mjulibekken kjem ned med friskt vatn. Grovt lagd av på kartet.