I første omgang ser det ut til å vera ein liten lokalitet, avgrensa av prøvestikka til omlag 8 x 10 meter. Men det er og sannsynleg at lokaliteten strekkjer seg lengre mot sør, dvs. at prøvestikk 4 frå lokalitet 2B høyrer inn under lokalitet 3. Dette høver og betre med høgdeforholda. Om så er tilfelle, vil lokaliteten dekkja eit areal på ca 20 x 12 meter eller vel 250 kvadratmeter. Vegetasjonen består i all hovudsak av grasmark, men denne er ikkje halden i hevd, så det er byrjande tendens til tuving og lauvtrevekst. Lokaliteten ligg aust og nordaust for lokalitet 2B, men høyrer truleg ikkje til same fase, då med unntak av det før omtala prøvestikk 4 på lokalitet 2B som etter høgdeforholda passar betre inn med lokalitet 3. Lokalitet 2, som ligg 20 - 25 meter lengre sør- sørvest, representerer sannsynlegvis ein litt eldre fase. Ytterligere 5 prøvestikk (50 x 50 cm) ble gravd under forundersøkelsen. 3 av disse i tilknytning til en sjakt som ble gravd maskinelt gjennom lokaliteten. Prøvestikkene og profilen viste tydelige tegn på moderne forstyrrelser ned i undergrunnen.
Marka består av gras, kveke, hundekjeks, engsoleie, hanefot, syreblom og mose. Utstrekninga er omlag 8 x 8 meter, eller vel 65 kvadratmeter på det funnførande området, men flaten er stor og kan romme fleire aktivitetsplasser som ikkje er registrert. Orienteringa er tilnærma nord - sør. Funn spreidd over heile flata. Konsentrasjon av funn inn mot berget. Tilstanden er god, men litt omrota der overflatemassen er grunn. Kanskje og litt berørt av riksvegen. Stratigrafi: Matjord/ åkerjord - grusundergrunn med brannspor. Ytterligere 7 prøvestikk (50 x 50 cm) ble gravd under forundersøkelsen. Det funnførende området dekker om lag 10 x 14 m. Høyest funnfrekvens var det i prøvstikk nr. 5. Lokaliteten er mer eller mindre omrotet, særlig i V og S, men i forbindelse med prøvestikk 5 vil det være mulig å få ut et materiale som kan gi oss sikrerer informasjon om datering og aktivitet.
Rett V for veien er det gravd ned en ledningsgrøft. I løsmassene ble funnet et flintavslag. 10 prøvestikk omkring funnstedet i urørt mark ga ingen flere artefakter.
Lokaliteten utgjer eit areal på ca 20 x 25 meter, men det dokumenterte funnførande området er på vel 10 x 7 meter eller vel 70 kvadratmeter. Vegetasjonen er for det meste viltveksande grasmark med innslag av buskas og mindre lauvtre. Lokaliteten ligg på bortimot same høgd som lokalitet 4 og heller ikkje så langt unna denne heller. Stratigrafi: 15 - 20 cm med torv og matjord - Det funnførande laget bestod av 10 cm grus og nevestor stein med noko trekol i øvste skjiktet - fjell.
Sjakta var 20 X 3,5 meter og orientert aust - vest. Jordet består av vass-sjuk, udriven grasmark som har byrja å tuve seg. Utstrekninga på det trekolhaldige aktivitetslaget er uviss, då me avslutta gravinga for ikkje å skada lokaliteten meir. Aktivitetslaget strekte seg ca 5 - 6 meter i sjakta si lengderetning, og dekka heile breidda. Lokaliteten har anslagsvis ei utstrekning på vel 100 kvadratmeter. Kulturminnet ligg nær lokalitet 4 og 5, og kan moglegvis tenkjast inn i ein samanheng med desse. Stratigrafi: Omlag 30 cm med matjord/ åkerjord - Aktivitetslaget 1 - 5 cm tjukt - sand og grusbotn med noko mindre stein i. Under forundersøkelsen ble det gravd ytterligere 4 prøvestikk (50 x 50 cm) i tilknytning til en ny prøvesjakt som ble lagt gjennom lokaliteten med sikte på kartlegging av de stratigrafiske forhold. Alle prøvestikkene og sjaktprofilen viste at området er svært omrotet som følge av dyrkningsaktivitet.
Lokaliteten har ei noverande utstrekning på vel 15 x 10 meter, eller vel 150 kvadratmeter. Grusvegen som går forbi lokaliteten i sør-søraust, og oppkjørselen til garasje og hus i søraust, har kanskje forstyrra litt. Vegetasjonen er udriven grasmark. Lokaliteten ligg i same høgd som lokalitet 1, og funnmaterialet er det same, dvs. stor overvekt av rhyolitt, så desse to lokalitetane har sannsynlegvis same brukstid. Ytterligere 10 prøvestikk (50 x 50 cm) ble gravd under forundersøkelsen. Det sentrale funnførende området dekker om lag 90 m2, og ligger opp mot grusveien. Funnene er overveiende deponert i et humusholdig gruslag som bare i liten grad synes forstyrret av nyere tids inngrep. Lokaliteten er berørt av eksisterende grusvei, og ligger trolig delvis uforstyrret under denne. Lokaliteten bør undersøkes nærmere.
Lokaliteten ligg på øvste delen, denne strekker seg frå vegkrysset i nord og sørover på flata. Det funngjevande området er på vel 30 meter og lokaliteten får ei utstrekning på vel 200 kvadratmeter. I dag er det i sentrum av draget gravd ned ein sementkumme. Lokaliteten er ein av i alt 3 lokalitetar i dette draget. Den nermaste er lokalitet 9, som ligg like i sør for denne, Frå grunneigar vart det informert om at det tidlegare hadde blitt sprengt vekk nokre knausar og jordfaste steinar der grensa mellom 8 og 9 ligg i dag. Tilstanden til lokaliteten var i 2000 rimeleg god; funna ligg i undergrunnen og då området aldri er blitt maskinelt pløyd eller rydda så ligg funna rimeleg inntakt. Det ligg ein kumme nesten midt i draget med tilhøyrande grøft. Grøfta synest vera eit lite tiltak på lokaliteten. Stratigrafi: Området er tidlegare nytta til både åker og beitemark og det er difor eit tynt lag med grastorv på staden, deretter er det laus åkerjord oppå eit lag med grus. Dette laget med grus ligg oppå eit lag med store løftesteinar. 15 prøvestikk ble gravd ved forundersøkelsen. Lokaliteten er lite berørt av moderne inngrep. Det største inngrepet er gjort i forbindelse med nedlegging av kloakkledning fra huset og ned langs midten av lokaliteten. Denne ender i en kum lengst sør. De arkeologiske funn er deponert i et sandlig trekullholdig lag under torvsjiktene, og har en observert tykkelse på opp til 36 cm. Lokaliteten bør undersøkes nærmere.
Lokaliteten ligg på søre ende av draget, draget flatar her ut og er vel 8 meter breitt. I dag er det attgrodd av bringebærris og anna buskas. Høgda over havet er vel 10 meter og avstanden bort til lokalitet 8 er vel 10 meter, markert ved at det er eit funntomt område der. Etter informasjon frå grunneigar vart det her sprengt vekk større steinblokker for å få eit meir samanhengande stykkje. Forskjellen i høg og utstrekninga på draget gjer at det er rimeleg å tolka dette som ein eigen lokalitet, men som kan ha overlappande bruksfaser med lokalitet 8. I sør markerer terrenget seg med å stupa relativt bratt ned mot 5 meter. Men i dette området er det gjort funn som er tolka som ein eigen lokalitet, gjeve nummeret 9b. Utstrekninga er på kring 100 til 150 kvadratmeter. Det er ingen synleg spor i overflata. Stratigrafi: Grastorv og bringebærris, røter og åkerjord i ei tjukne på vel 25 cm. så grus i 10 til 15 cm, dette laget er også det funnførande laget. Under dette eit lag med store stein (strandstein). Under forundersøkelsen ble det gravd 8 prøvestikk (50 x 50 cm). Det funnførende området dekker om lag 220 m2. De underliggende uforstyrrede funnførende kulturlagene har en samlet tykkelse på opp mot 40 cm. Det går en kloakkledning gjennom boplassflaten på langs, men denne er etter sigende gravd ned for hånd, og har trolig kun forstyrret et meget begrenset område. Resten av lokaliteten virker uforstyrret. Lokaliteten bør undersøkes nærmere før en eventuell frigivelse.