Beskrivelse fra lokalitet:
I dag er dammen tømt, og ein ser berre restane etter demningen. Demningen har eit inngravd hol i seg etter uttappinga av dammen. området er i dag eit tilvokse våtområde omkransa av ein veg og bolighus. Like bortanfor ved Høvik brygge har det vore lasteplass for isen ved noko som går under namnet Lasteberget.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I dag er dammen tømt, og ein ser berre restane ettter demningen. Demningeen har eit inngravd hhol I seg etter uttappinga av dammen. området er I dag eit tilvokse våftområde.
Området der Svartediksveien 7 ligger, er i dag et boligmiljø med klassiserende trehus fra 1920-tallet og velholdte hager.
Eiendommen Svartediksveien 7 grenser til Svartediksveien i øst. Dette var en del av den gamle postveien over Borgeskaret til Arna, og veien gikk opprinnelig tvers gjennom tunet på Kalvedalen gård, der det nåværende nr. 7 var våningshus. På den andre siden av veien ligger en bygning som tidligere var uthus på gården, men som ble ombygd til bolighus allerede før andre verdenskrig. Vest for eiendommen går resten av et gammelt veifar mot Fløen ved Store Lungegårdsvann. Byggeår og byggherre for Svartediksveien 7 er ukjent. Kalvedalen gård ble antakelig tatt opp som bruk under Årstad gård en gang på 1700-tallet. Fra 1799 til 1812 eide stiftamtskriver og kammerråd Christian Lerche Dahl (f. 1741) og kona Wenche Garmann (f. 1751) Årstad gård som de hadde arvet etter hennes slekt.
Beskrivelse fra lokalitet:
Forum kino vart reist av Bergen kommunale kinematografer og var eit ledd i utbygginga av eit nytt sentrum for dei sørlege bydelane i Bergen. Bygginga tok til i 1939, men grunna okkupasjonen vart kinoen først innvigd i 1946. Forum var i bruk som kino til 2005. Kinobygningen er teikna av arkitekt Ole Landmark, ein av dei fremste arkitektane i Bergen i mellomkrigstida. Utforminga tek utgangspunkt i den særprega fasongen på tomta, ved at kinosalen har fått ein vifteform som følgjer sidene i den trekanta tomta, og ytst i spissen ligg inngangs/billetthallen og vestibylen. Desse ulike romma kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Innvendig utgjer publikumsinteriøra ein samanhengande romkomposisjon, til dels med forseggjort materialbruk. Både ut- og innvendig er kinobygningen i hovudtrekka svært lite endra.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kinobygningen har ein form som følgjer den trekanta tomta, med inngangs/billetthallen og vestibylen ytst i spissen. Kinosalen, vestibylen, billetthallen og korridorane kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum med pussa murflater. Over ein sokkel danna av korridorane langs sidene reiser dei andre bygningsledda seg, trekt tilbake frå fasadelina. Salen har ein enkel, lukka form. Vestibylen består av to blokkar over kvarandre, begge med avrunda kortender, den øvste med glasfelt heile vegen rundt. Billetthallen har ein rikare og meir open utforming: endeveggen er delt inn av fire lisenar av granitt som fortset opp over gesimslina, mellom dei er dei tre inngangsdørene av edeltre, og over desse ein utkraga baldakin og tre store vindaugsfelt. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Eit folkebibliotek vart bygd som del av kinoanlegget. Det ligg som eit separat volum, i tre etasjar med eit lågt valmtak, i forlenginga av sidefasaden mot Jonas Lies vei. Biblioteket har ei meir klassisistisk fasadeutforming, med midtstilt portal krona av byvåpenet, og krysspostvindauge i tett, jamn takt i dei øvre etasjane.
Beskrivelse fra lokalitet:
En kullgrop beliggende i sørvendt li
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kullgrop, beliggende i sørvendt li ovenfor rv 15, øst for svakt, vått søkk. Spredt furuskog, med noe ungbjørk og einer omkring gropa. Gropa har markert nedgravning, med voll i søndre del. Noe ujevn form, bolleformet bunn. Noe stein i vollen, samt en stor stein utenfor gropa i vest.Noe vått nedi gropa. Kun påvist spor av kull. Ytre diamter ca 2,6 m, indre diameter 2 m, dybde ca 0,5 m.
I den utvaskede sonen ligger små slaggbiter og leirforinger. Dette laget fortsetter mot N inn under torvlaget. Anlegget kan derfor ligge intakt under torva.