Beskrivelse fra lokalitet:
WP 155, Torvgarde. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, ferdsel, m.v. Eit karakteristisk trekk ved Longelii er det omfattande systemet med torvgardar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 155 Torvgarde. Torvgarden fylgjer søre myrkanten i N hellinga av ein stor kolle i terrenget. Strekker seg A-V. Opp til 1 meter høgt og om lag 1 meter breidt. Noko breiare der det har rasa meir ut. Grøfta fylgjer stort sett N sida av torvgarden. Det er eit svært omfattande system med torvgardar i området. Denne torvgarden fylgjer ikkje kjende byte eller gardsgrenser frå nyare tid, men kan vere ei driftsgrense mot den store myra. Denne torvgarden her eit noko yngre preg enn den som fylgjer grensebytet. Det er fleire torvgardar enn dei som er registrert i området. I tillegg til denne er den lengste på ca 1,5 km registrert.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 172 Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 172 Kolgrop. Rund ca 3 meter tvm. 0,2 meter djup. Svake vollar. Svakt søkk i bakken. Tilvaksen med gras. Ligg ca 15 meter NV for stølshuset.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 181 Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 181. Stor kolgrop. 6 meter i tvm. Kraftige vide vollar. 2,5 meter indre mål. 0,4 meter djup. Rund, bua sider i gropa. Ligg lengst NV av ei samling på 8 kolgroper. Grasgrodd. Beitemark.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 191 Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 191 Kolgrop. Kolgropa ligg på ein liten kolle der terrenget flatar meir ut på Legena. 4 meter i tvm. Tydeleg kolgrop med kraftige vollar. 0,3 meter djup. Rund. Boga ned mot botnen i gropa. 2 meter tvm innvendig. Gropa er tilvaksen med gras og lyng. Ein del einer og bjørk tett på kolgropa i V.
WP 017. Tuft. 7 x 4,5 meter. Tufta ligg orientert A-V. Opp til 0,5 meter høg mur/voll. Stein synleg, spesielt mot vegen i S, men også i vollane. Ligg på morenerygg. Tufta er tilvaksen med gras, lyng og einer. Mest gras inne i tufta. Oppmuring utanfor NV del av tufta. Kan ha vore tilkomst forbi, ned til boligtufta (WP 016.)Tufta representerer truleg løe/driftsbygning i tilknytning til bustadtufta like ved. Regelmessig rund haug som berre inneheld fin sand under torva ligg ca 5 meter N for tufta. Mogleg audegard. Tufta ligg i eit område med tørre morenehaugar opp frå myra i S og V. Vegen til Netelandstølen går i myrdraget i S, medan vegen til Eggjasete går over myrflata langs med elva i V. Tufta ligg på ei forhøgning like NV for vegen fram til Netelandstølen, der denne tek av frå vegen som går vidare mot Eggjasete. NV for Buforehaugen. Ligg ca 5 meter A for WP 016.
Beskrivelse fra lokalitet:
Stølsmiljø. Tuft/ruin frå nyare tid er i tillegg til tre ståande bygningar (stølssel og restaurert løe) på Fossdalstølen. Ligg like framom nyare hytte.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tuft/ruin frå nyare tid på Fossdalstølen. Ligg framom nyare hytte.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 192 Grensestein. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 192. Grensestein. Flat stein sett opp på høgkant. Står godt ned i bakken. Ca 60 cm over bakken. Om lag 50 cm vid nede og går opp i ein spiss på toppen. Ei stor furu står like A for grensesteinen. Stien vidare til Fagrasete går tett V for grensesteinen. Steinen står i byte mellom bruk 5 og 4 på gnr. 39 Tjosås.