Beskrivelse fra lokalitet:
WP 215. Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til utnytting av utmarksressursar, t.d. framstilling av trekol, støling, ferdsle, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 215. Kolgrop. 3 meter i tvm. Tudelege vollar. 0,3 meter djup. Rund, svakt bua mot botnen. 1,5 meter indre tvm. Tilvaksen med gras, lyng og einer. Ligg saman med to andre kolgroper på høgste morenehaugen på Bjørgi. Like N for eksisterande kraftlinetrase. Det går traktorveg fram til området. På A sida av Løgjelsbekken.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 227. Fangstgrav/dyregrav. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til utnytting av utmarksressursar, t.d. framstilling av trekol, støling, ferdsle, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 227. Mogleg fangstgrav/dyregrav. Eit dyretrakk (hjort) går over Løgjelsbekken og opp den bratte skråninga/skaret på V sida av Løgjelsbekken. Dette er einaste staden ein kan ta seg over frå Bjørgi til Furekjosane i dette området. Fangstgrava ligg midt i dyretrakket. Den er oppmura som ein kasse på vel 3 x 3 meter, og går i nivå med stien/terrenget i V og mura mot brattheng (ca 10 meter rett ned til elva) i A. Fangstgrava er gjenfylt med stein, men indre kant på grava kan sjåast tydeleg. Indre mål er ca 2 x 1 meter. 1,2 meter høg oppmuring i A, mot gjuvet. Vanskeleg å sjå at kulturminnet kan ha hatt annan funksjon enn dyregrav. Fleire murar som sperrar terrenget ovanfor fangstgrava.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 232. Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til utnytting av utmarksressursar, t.d. framstilling av trekol, støling, ferdsle, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 232. Kolgrop. Stor. 7 meter i tvm. Kraftige vollar. 0,5 meter djup. Bua mot botnen. 3 meter indre tvm. Tilvaksen med gras og lyng. Fleire bjørketre står i vollen. Ligg fram mot kanten på gjelet. N for eksisterande kraftlinetrase, på V sida av Løgjelsbekken.
WP 023. Bogestelle. Ligg i ura, ca 10 meter nedanfor hellaren (WP 022). Bogestella er mura opp inn til store steinblokker. 4 meter lang og 1 meter breid. 0,5 - 1 meter høg. Delvis innrasa. Bogestella vender mot det smale "eidet" mellom fastlandet og Dyranes. Bogestella er svært tydeleg etter som det ligger i reguleringssona i Bjølsegrøvatnet og murane er urtvaska. Fast og god botn innvendig. Ligg strategisk til når dyra trekker A-V over Dyraneset. Høgfjellsterreng. Flatare gras, lyng og einergrodd "eide" mellom fastlandet og Dyraneset som stikker ut i Bjølsegrøvatnet. Markert terrengformasjon (smalt eide). Morenemassar på heile "eidet". Bratte bergveggar på begge sider av "eidet". Bjørkaviki, den N vika, går heilt inn til bogestella. Vatnet er regulert. Ved full vasstand ligg vasspegelen ca 1 - 2 meter over bogestella. Ved registreringa var vatnet mykje nedtappa, med vasspegelen ca 1 meter 2 meter lågare enn bogestella. Bogestella ligg i ura nedom bergalaget som strekker seg NNA-SSV på fastlandsida av "eidet" på Dyraneset.
WP 022. Hellar. Strekker seg ca 40 meter NNA - SSV. 2 - 2,5 meter dråpefall. Hellaren gjer godt ly for nordavind. Kulturlag med mykje trekom under topplag med stein. I den S delen er hellaren utsprengt for å gje større plass for opplag av båt. Det ligg derfor eit lag med yngre steinmasse oppa intakt kulturlag i denne delen. Det ligg nyare tids gjenstandar i hellaren. Boltar med kjetting festa til fjellet for å halde på plass dyra. Funna tyder bå bruk av hellaren også i nyare tid i samband med husdyrhald/beite og/eller ferdsle. Kulturlaget i hellaren er radiologisk datert til tidleg mellomalder, og er i bruk ein periode før tufta frå mellomladeren vert bygd lenger S på eidet. Sentralt i hellaren er det rester etter oppmuring av eit "rom". Det er også synlege murar i N enden av hellaren. Ein del nedrasa steinblokker ligg spreidd i hellaren, særleg i N. Høgfjellsterreng. Flatare gras, lyng og einergrodd "eide" mellom fastlandet og Dyraneset som stikker ut i Bjølsegrøvatnet. Markert terrengformasjon. Morenemassar på heile "eidet". Bratte bergveggar på begge sider av "eidet". Bjørkaviki, den N vika, går heilt inn til hellaren. Vatnet er regulert. Ved full vasstand ligg vasspegelen ca 1 meter lågare enn hellaren. Ved registreringa var vatnet mykje nedtappa, med vasspegelen ca 5 meter under hellaren. Hellaren igg inn under bergoverheng som strekker seg NNA-SSV på fastlandsida av "eidet" på Dyraneset. Hellaren ligg kloss i ferdslevegen, ein godt markert sti med varp og vardar, går frå Dyraneset og opp over hellaren, til Muren (støl), og vidare mot Voss.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 244 Tuft. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 244 Tuft. Tufta er 6 x 4,5 meter. Orientert NV - SA. Stein er synleg langs veggane. Overgrodd med gras og lyng. Tufta ligg omlag 30 cm høgare enn terrenget. Tufta ligg høgt og fritt litt inn på platået i Beindalen, vel 200 meter NA for stølsvollen på Forsete. I fylgje skriv av Jon O. Tjosås i frå 1975 skal det være tufter etter tre sel på Forset, her er gode beiter og stølen hadde vore i bruk i lang tid.
Holmen som ligger i Skallefjorden i leden mot Blindleia i SV, ble besøkt fordi navnet kunne tyde på at det her kunne finnes gravrøyser. Hele holmens høyeste deler er imidlertidig en naturlig, sammenhengende rullesteinsvoll, hvorav enkelte partier er fri for vegetasjon.
WP 021. Varde. Ligg kloss i ferdslevegen, ein godt markert sti, som går frå Ålvik til Muren (støl), forbi Dyranes, og vidare mot Voss. Høgfjellsterreng. Flatare myrområde med bergknausar og spreidde morenehaugar. Ligg i eit flattare parti eit nivå over vatnet. Bratt ned til vatnet i A. Fjellet stig bratt opp mot området Brattafonn i V. Ligg langs ferdslevegen ca 200 meter SV for "eide" på innsida av Dyranes, i retning Brattafonn.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 233. Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til utnytting av utmarksressursar, t.d. framstilling av trekol, støling, ferdsle, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 233. Kolgrop. 5 meter i tvm. Vide, svake vollar. 0,2 meter djup. Rund, svakt bua mot botnen. 3 meter indre tvm. Tilvaksen med gras, lyng og bjørk. Ligg i kanten av stølsvollen på Furekamben, mellom skogsvegen og stølshusa, på ein tørrare morenehaug.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 221. Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til utnytting av utmarksressursar, t.d. framstilling av trekol, støling, ferdsle, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 221. Kolgrop. 4 meter i tvm. Svake vollar. 0,3 meter djup. Bua mot botnen. 2 meter indre tvm. Tilvaksen med gras og lyng. Terrenget stig opp frå kanten av kolgropa i A. Ligg fram mot kanten på gjelet. N for eksisterande kraftlinetrase, på A sida av Løgjelsbekken.