Beskrivelse fra lokalitet:
WP 055. Kolgrop. Inne på stølsvollen på Kvanvik. Ligg ved stølsvegen, ein godt markert sti, som går frå Soget til Lauvik og vidare langs med Fitjadalsvatnet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 055 Kolgrop. Ca 5 meter ytre tvm, 2 meter indre tvm. Ca 30 cm djup. Rund i forma. Vollar. Høgt myrgras.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 050. Kolgrop. Ligg ved stølsvegen, ein godt markert sti, som går frå Soget til Lauvik og vidare langs med Fitjadalsvatnet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 050 Kolgrop. 4 x 5 meter A-V. 1,5 x 2 meter indre mål. 40 cm djup. Kraftige vollar. Gras- og lynggrodd. Haug i N.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 067. Tuft frå nyare tid. Inne på Tanndalstreet, ein slåtteteig i utmakra. Kolgropa ligg like ved tufta (WP 067).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tuft etter utløe/høyløe. Tufta er 7 meter lang og 4 meter breid, og er orientert om lag A - V. Det er synlege steinheller langs veggkantane, særleg i hjørna. Tufta er grasgrodd og låg. For det meste i plan med bakken, men nokre stader opp i ca 20 cm høg. Ligg på høgste partiet inne på Tanndalstreet.
Skålgropfeltet består til sammen av tre skålgropsteiner med til sammen 13 skålgroper. Gropestein nr. 1 ligg 105 m frå "vegdelet" tett i krøterstien, på sørsida av denne. Steinen er 2,8 x 2,8 m vid, noko avsmalnande mot S, og 1 m høg. Steinen er av fyllittisk bergart, men med kjernar av kvarts. På steinen er det 6 skålgroper som alle ligg på den nordaustlege delen. Heilt på det nordaustre hjørnet ligg den største gropa som er 13 cm i tvm. og 6 cm djup. 19 cm S for denne ligg ei ny stor grop, 12 cm i tverrmål og 5 cm djup. Mellom desse to ligg ei lita grop, 3,5 cm i tverrmål og 2 cm djup. 7 cm NV for den sørlegaste store gropa, ligg ei grop som er 8 cm i tvm. og 2 cm djup. 25 cm lenger mot NV ligg ei grop som er 3 cm i tvm. og 1 cm djup. 10 cm SV for den sørlegaste av dei store, ligg den sjette gropa, 7 cm i tvm. og 2,5 cm djup. Gropestein nr. 2 ligg 20 m VSV for nr. 1. Steinen er 2 x 1,5 m vid og 0,9 m høg. Steinen er orientert NV-SO, avsmalnande mot SV. På sørvestre del av steinen ligg det ei grop som er 6 cm i tvm. og 3 cm djup. Midt på den søraustlege halvdelen av steinen ligg det 2 groper, 12 cm frå kvarandre, orientert NO-SV. Den nordlegaste gropa er 6 cm i tvm. og 2,5 cm djup. Den sørlegaste er 4 cm i tvm. og 1,5 cm djup. Ut mot det austre hjørnet på steinen ligg 2 nye groper, 6 cm frå kvarandre, orientert NNO-SSV. Den nordlegaste gropa er 6 cm i tvm. og 3 cm djup, den sørlegaste er 5 cm i tvm. og 1,5 cm djup. Gropestein nr. 3 ligg 15 m NV for nr. 1. Steinen er helleforma, 2 x 2 m vid og godt 0,4 m høg. Hella er orientert NV-SO. Gropene ligg i det sørvestre hjørnet. 2 groper ligg med 7 cm mellomrom, orientert NV-SO, inne på dette hjørnet av steinen. Den nordlegaste gropa er 6 cm i tvm. og 1 cm djup. Den sørlegaste er 5 cm i tvm. og 1,5 cm djup. Ut mot kanten i SO ligg den tredje gropa. Ho er 4 cm i tvm. og 1 cm djup.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 046. Tuft. Ligg like NA for WP 044, tuft. Det tette granfeltet på staden gjorde registreringa vanskeleg. Forutan tuftene, kolgropene og dyrkingslaga, er det spor etter ein delvis oppmura veg fram mot Blåkoll.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 046. Tuft. Ligg like NA for WP 044, tuft. Ca 6 x 5 meter. Går i eitt med terrenget i V og S, medan det er 0,5 meter høg voll/delvis synleg mur mot elva i A og i N. Det tette granfeltet på staden gjorde registreringa vanskeleg. Forutan tuftene, kolgropene og dyrkingslaga, er det spor etter ein delvis oppmura veg fram mot Blåkoll.
Beskrivelse fra lokalitet:
Stølsmiljø. Nyare tids ruin etter stølshus, som ligger under vatn ved fullt magasin. Dagens stølshus på Bjølsegrøstølen vart flytta lenger opp på stølsvollen i samband med oppdemminga/kraftutbygginga på første del av 1900-talet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Stølsmiljø. Nyare tids ruin etter stølshus, som ligger under vatn ved fullt magasin. Ruinen som er orientert N - S er 7,5 meter lang og 5,5 meter breid. Dei utvaska murane er opp til 1 meter høge, men går i plan med terrenget i N. Dagens stølshus på Bjølsegrøstølen vart flytta lenger opp på stølsvollen i samband med oppdemminga/kraftutbygginga på første del av 1900-talet. Stølsvoll. Godt nedbeita grasmark. Fin sørvendt bakke/voll som hellar ned mot Bjølsegrøvatnet i S. Ruinen ligg i nedste kant, heilt S, på stølsvollen på Bjølsegrøstølen. Tufta ligg i erosjonssona til Bjølsegrøvatnet.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 056. Kolgrop. Inne på stølsvollen på Lauvik. Ligg ved stølsvegen, ein godt markert sti, som går frå Soget til Lauvik og vidare langs med Fitjadalsvatnet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 056 Kolgrop. Ca 4 meter ytre tvm, 2 meter indre tvm. Ca 30 cm djup. Rund i forma. Tydelege vollar. Grasgrodd.
Beskrivelse fra lokalitet:
Verdfullt stølsmiljø på Blomsete, med ståande sel, ruinar, rydningar og steingardar. WP 069. Tuft/ruin ligg sentralt i stølsmiljøet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Ruin på stølen Blomsete. Ruinen er 6 meter lang og 5 meter breid. Orientert N - S. I bakkant går ruinen i eitt med det hellande terrenget. I framkant er murane 80 cm høge. Inngang til flor i kjellar midt på kortveggen i S. Det er synleg stein i begge langveggane og i endeveggen i S. Inngang til selet har vore i N.