Funn av slagg (kassert) i 2 av 36 prøvestikk nærmest elva. Slaggen kan være tilfeldig kommet i jorda eller være siste rest av jernvinneanlegg i nærheten (jf. også ID 67050).
Midt inne på furumoen. Rund kullgrop uten voll. Ingen tydelig avgrensning og lite tydelig i terrenget. Svakt skrånende sider mot skålformet bunn. Bevokst med reinmose. D 1,2m, dybde 0,3m.
Beskrivelse fra lokalitet:
Verdfullt stølsmiljø på Skårsete, med ståande sel, ruinar, rydningar, steingardar og hellarar. WP 071. Ruin. Ligg inn til skråningen i V på stølsvollen.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 071, Ruin. Ruinen er bygd inn mot terrenget i V. Det er tørrmurte steinveggar i kortveggen mot V og i langveggane i S og N. Den er orientert A - V. Manglar mur i A. Inngangen har vore her. Ruinen er skada. Truleg teke stein i frå denne i samband med oppsetting av nye sel. Ruinen er 5 x 5 meter, og på det høgaste er murane (SV hjørnet) vel 1 meter.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 086 Kolgrop. Det er registrert ei rekkje kulturminne inne på stølsvollane på Nystøl og Fagrasete, samt i området mellom desse. På Nystøl er det ståande stølshus, medan Fagrasete er ein nedlagd støl. Dei registrerte kulturminna skriv seg både frå førhistorisk tid og nyare tid. Det er registrert tufter, skålgroplokalitetar, kolgroper og kisgruver i området.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 086. Kolgrop. 6 meter i tvm. Klår oppbygging. Svake vollar. Kraftig trekollag. Tilvaksen med gras og lyng. Kolgropa ligg i overgangen mellom myra i S og den bratte lia i N. Like NA for vegenden på Nystøl.
Beskrivelse fra lokalitet:
Verdfullt stølsmiljø på Hyrting, med ståande sel, ruinar, rydningar, steingardar og hole. WP 073. Hole. Ligg i den bratte lia ovanfor Hurting. I ei skore i fjellet der det er mogleg å ta seg ned til stølen Hyrting ligg det ei hole i fjellet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hola vert kalt "Svortekyrkjo". Den er 2,5 meter i tvm ute ved opningen og går 4 meter inn i fjellet. Den smalnar noko av innover i hola. Det er plant nivå på golvet, men ein del stein. Eit bergalag strekker seg som ei hylle langs heile hola i S. I Nord er det rett og fin vegg. Ikkje høgd nok til å bruke stikkborr. Hola er heilt tørr og gjev svært godt ly. Kan ha vore i bruk både i samband med jakt, ferdsel og gjeting i området.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 096. Tuft. Det er registrert ei rekkje kulturminne inne på stølsvollane på Nystøl og Fagrasete, samt i området mellom desse. På Nystøl er det ståande stølshus, medan Fagrasete er ein nedlagd støl. Dei registrerte kulturminna skriv seg både frå førhistorisk tid og nyare tid. Det er registrert tufter, skålgroplokalitetar, kolgroper og kisgruver i området. Stølsvollen på Fagrasete ligg S vendt og fint til rett på N av elva der denne gjer ein sving mot Stølsgjelet og Nystøl. Stølen vart teken av elva og ikkje bygd opp att etter det.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 096. Tuft. 6 x 4 meter. Orientert A - V. Murane er opp til 20 cm over grasmarka. Høgast murar mot S. Svak helling. Synleg stein og heller i heile tufta. Mykje overgrodd med gras. Det er synleg steingardar i ein vinkel langs med stien V for denne tufta. Kan vera ei innhegning/kve. Ei rekkje med 5 store steinar ligg inn mot tufta i SA.
Stølsmiljø med ståande stølssel, løer, ruinar og tufter. WP 009. Tuft frå nyare tid. 10 x 6 meter ytre mål. kjellarrom 3 x 3 meter. Opp til 1 meter høge murar.
Beskrivelse fra lokalitet:
WP 097 Åkerrein og ødeåker. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 097. Åkerrein med tilhøyrande S vendt ødeåker i bakkant. Åkeren ligg i sørvendt hellande terreng. Svært kraftig og fin åkerrein. Ca 40 meter lang, og vel 1 meter høg på det høgste. Åkerreina er bua, og svingar inn att mot terrenget i endane. Åkerflata strekker seg 15 meter bak reina. Dette gjev eit åkerareal på ca 600 kvm. Vegen til Sjusete ligg vel 20 meter S for reina. Det veks bjørk nedanfor åkerreina i S. Elles er åkeren grasmark. Området blir brukt til beite i dag.
Beskrivelse fra lokalitet:
Verdfullt stølsmiljø på Blomsete, med ståande sel, ruinar, rydningar og steingardar. WP 070. Tuft/ruin ligg sentralt i stølsmiljøet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 070. Ruin på stølen Blomsete. Ruinen er 7 meter lang og 5 meter breid. Orientert N - S. I bakkant går ruinen om lag i eitt med det hellande terrenget. I framkant er murane 1 meter høge. Inngang til flor i kjellar midt på langveggen i A. Det er synleg stein i begge langveggane og i endeveggen i S. I N er steinmuren synleg innvendig i ruinen. Inngang til selet har vore i N. Her ligg det store heller utanfor ruinen. Ruinen ligg fint til heilt fram på kanten av stølsvollen i S.