Hustuft. Sers låge, til dels utydelege vollar av stein og jord, rektangulær 8 m NV-SO, 4 m brei. Truleg tuft for trehus. Prøvestikk 1972 (Kalle Sognnes) gav B12386.
Gravflokk. Halvhundre små røysar ligg i større og mindre grupper og rekkjer frå terassekanten mot SV og 140 m innover flata mot NO, i eit 80 m breitt belte. Gamle vegen opp Vardbergdalen til Sysendalen og over fjellet går midt gjennom gravflokken. Alle røysane er små og låge, dei største opp i 5 m i tvm., dei minste ned i 2 m tvm. Storparten av småfallen, jamn stein. Sume er jordblanda. Ein del lyfter seg så å seia ikkje over bakken, syner meir som ei rund brulegging. Mange er fine og runde, og kan knapt vera anna enn gravrøysar, andre er meir uvisse. I 1864 grov Nicolaysen ut 18 av dei. Der var brend stein i dei fleste, kol i sume, litt brende bein i ei. Ikkje oldsaker. I 1892 grov Bendixen ut 5, dertil 2 uvisse. I 3 av røysane var kol, elles ingenting. Dei utgravne røysane ligg no med søkk i midten eller er gravne med sjakt inn til midten. Det er ikkje råd å vita kven som har grave i dei einskilde tilfelle. Ved ukunnig graving i ei av dei to røysane som ligg for seg sjølv på nordsida av vegen lengst V, var etter Bendixen 1892 funne brende bein, kol og brot av leirkrukke. Kroki og meir utførleg melding i arkivet.
Gravflokk. Fk. 11/1-2 = To røysar, 2 1/2 og 3 m tvm., låge. Fk. 11/3 = Røys, 3 m tvm., 1åg og flat, bygd av jamn, storfallen lyftestein. Er sikkert gravrøys. Fk. 11/4 = Røys, 3 m tvm., låg, uviss. Fk. 11/5 = Røys, 3 m tvm., låg. Steinlagd kant mot V. Fk. 11/6 = Røys, 2 1/2 m tvm., låg. Fk. 11/7 = Røys, 4 1/2 m tvm., 1/2 m høg, bygd av storfallen lyftestein og einskilde større. Truleg gravrøys. Ligg like ved vegen. Fk. 11/8 = Røys, 4x5x1/2 m, med tunn torv på. Litt omrota i sørdelen, mogeleg etter gammel graving, men ser ikkje ut til å ha nådd midten. 2 m ONO for fk. 11/7. Fk. 11/9 = Røys, 4 1/2 m tvm., 3/4 m høg. Har jamn, steinlagd kant, må vera gravrøys. Fk. 11/10 = Røys, 4 m tvm., knapt 1/2 m høg, rund og jamn, av jamn lyftestein.
Beskrivelse fra lokalitet:
Grav under flat mark. Kiste av kantsette heller, nedskoren i auren til 1,1 m under overflata. 2 m lang O-V, knapt 1 m brei, sterkt avsmalnande mot endane. Takheller og oppå dei eit lag av mindre heller. Ei steinpakning rundt kista i høgd med takhellene kvilde på 9 cm feit, kolblanda jord over auren. I kista sverd, leirkar, bein. Ettergraven 1954 (EIdrid Straume). B10799.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Kiste av kantsette heller. Sverd - Rygh type NO 180. Spannforma keramikk.
På denne lokaliteten lå tidligere Kongsbrygga, motstykket til Kongsbrygga på Kvåvik ved Lyngdalsfjorden. Bryggene inngikk i transportsystemet over eidet.
Det ble lokalisert en morenerygg som danner et naturlig vadested på tvers av vannet. Under undersøkelsen ble det sondet ned i bunnen over hele moreneryggen, men uten spor etter kultur som bekrefter hypotesen. Det er derimot ingen tvil ut i fra observasjonen av moreneryggen at dette har vært et mulig vadested.