Aust for nausta, sør for trappenedgangen, er det loddrette fjellsider. Her er ein liten hellar under fjellet 10 meter aust for det austlegaste naustet, og om lag 4-5 meter over dagens havnivå. Hellaren har opning ut mot vest. Golvflata skrånar litt nedover, og truleg er det ein liten terrasse i berget som dannar golvet. Den er tresidig i plan med ein spiss inn mot indre del av hellaren. Han er omlag 4 meter djup og 5 meter brei. Bergveggen skrånar jamnt opp omlag 10-15 meter. Avstanden frå stranda er 10 meter. Det er fullt av plankar og skrot på hellargolvet. Det vart grave eit lite (0,2 x 0,2 m)prøvestikk midt på golvet i hellaren. Det var svart kulturjord overalt på golvet og i prøvestikket ned så langt som omlag 20 cm. Her var det ein stor stein som hindra vidare graving. Det var mykje trekol og skjørbrent stein i kulturjorda. Eit liknande prøvestikk vart grave ytst ved opninga. Her låg dessutan litt ostraskal og fliser av brende bein. Ingen reiskapar eller flintavslag vart funne, men kulturjord, trekol og ostraskal saman med brende bein skulle tyde på at hellaren har vore nytta som buplass. Mangel på flint, samt den låge høgda over havet skulle tyde på ei datering til jernalder eller seinare.
Gravrøys Fk 2/1 er omlag 7 meter i diameter, og 0,5 meter høg. Ho er bygd av kantstein, og verkar mykje omrota. Mot aust synes fast berg på siden. Ikkje kjent funn frå røysa. Gravrøys Fk 2/2 ligg tett søraust for Fk 2/1. Ho er 10 x 5 meter, orientert nordvest-søraust, og låg. Røysa har kanskje vore rund, då mykje stein er tatt til fyll. Utkasta. Bygd av kantstein. Begge røysane er så overgrodd av det ikkje var råd å skille dei frå kvarandre. Nesten umogleg å finne dei att. På toppen av knausen dei ligg på, ligg det ein støypt brønn, samt at det har vore grave ein del her.
Ved arkeologisk registrering utført 07.03.2017 vart Fk. 2/1 avkrefta, og Fk. 2/2 vart kartfesta på nytt.
Røysa er omlag 6 meter i diameter og omlag 0,5 meter høg. Det er mykje stein i røysa. Uryddig, og det kan sjå ut som om nokon har rota rundt i ho. Mykje overgrodd, og nesten uråd å sjå at her skal ligge eit gravminne.
Røysa er omlag 6 meter i diameter, låg, og er bygd av kantstein. Det er eit tydeleg søkk midt i røysa. Ho er mykje overgrodd, og nesten umogleg å få auge på. Søkket i røysa er det ein lettest legg merke til.
Røysa er 7-9 meter i diameter og låg. Vanskeleg å få inntrykk av gravminnet pga. av all vegetasjonen. Ligg i hage til hytte, og burde ha vore rydda fram og hytteeigarane gjort merksame på ho. Ligg utrygt.
F1: Gravrøys. Diameter ca 9 m, høyde ca 1,3 m. Klart markert. Delvis mosebevokst. Røysa er bygd av mellomstor og stor bruddstein. Det er spor av fotkjede i V. Et krater er gravd i midten av røysa, lengde ØNØ-VSV ca 1,2 m, bredde 0,6 m, dybde ca 0,6 m. V for krateret ligger en del helleformede bruddstein. Ca 20 m S for F1: F2: Gravrøys. Diameter ca 4 m, høyde ca 0,8 m. Noe uklart markert. Delvis mosebevokst. Røysa er bygd av små og store bruddstein. Et NØ-SV gående kammer med vegger av fem store bruddstein ligger åpent. Lengde ca 1,2 m, bredde ca 0,4 m, dybde inntil 0,8 m. Et par helleformede bruddstein som ligger på røysas N-kant kan muligens være dekkheller for kammeret. Ca 9 m VNV for F2: F3: Gravrøys. Diameter ca 8 m, høyde inntil 1,2 m. Klart markert. Delvis mosebevokst. Røysa er bygd av små og mellomstore bruddstein. Et Ø-V gående krater er gravd ut i midten, lengde ca 2 m, bredde ca 1 m, dybde inntil 0,9 m. Mot V dekker et par helleformede bruddstein over et mulig kammer. Røysa har en liten inngravning i SØ kanten og er opproten i S-delen. Ca. 12 m S for F2: F4: Gravrøys. Diameter ca 8 m, høyde inntil 1,5 m. Klart markert. Delvis mosebevokst. Røysa er bygd av små og mellomstore bruddstein og rundkamp. Det er en 0,5 m dyp, utgravning i midten av røysa der en stor stein er synlig. Denne kan være en sidestein i et kammer.
Røysa har ein diameter på omlag 5 meter, og er 20-30 cm høg. Ho er bygd av kantstein, og midt i røysa står det ei helle på kant. Vanskeleg å få godt inntrykk av røysa då ho er så overgrodd. Likevel er dette den mest tydelege av alle røysane på Guldbrandsøy.
Bygdeborgen ligg på eit rundt platå, som har ein diameter på 30-35 meter, og med bratte sider mot sjøen og Djupedalane: Mot landsida sperrast borga av ein 30 meter lang, dobbel voll med grøft i mellom. Grøfta har fall frå om lag 0,5 meter i nord til 1,5 meter i søraust. Borgen vart prøvegrave av Haakon Shetelig i 1925. Då fann dei B 7720.
Funn av rutebåt D/S Smølen av Kristiansund. Byggeår var 1874. Båten ble ført av kaptein Anton Pettersen, forlisdato og -år: 24.12.1909. Skipet ble bygget i Hommelvik, og motoren på TMV.