Steinen er 3,2m lang, 17-30cm tjukk, noko avsmalnande i eine enden. Den virkar vere heil, men har fått eit par nyare slag. Steinen har stått ved den nye kyrkja og har sannsynlegvis vore del av Vinje, funnkart 2. (Fett 1950: s.9)
1 kvartsittslipeplate, 7cm lang, 5,5cm brei, funnen åleine i jorda 0,5 m under overflata i vassledningsgrøft like V for vegen, ca 10 m S for Storsteinen. I same område ca 20 m A for vegen blei det funne 10 flintavslag spreidd i jorda. Enkelte avslag har retusj. Ca 40m NA blei det funne ein større flintknoll, sannsynlegvis naturleg 0,5 m djupt i overgang mold og leire. Dei funne sakene er framleis på bruket.
Flyttblokka er ca 10 m lang, 6m høg, orientert A-v. Midt for blokka i N og 1m ifrå, blei det teke eit prøvestikk 40 x 40 cm. Her var 2 samanhengande 3-4cm tjukke kolstriper i den brune jorda samt flekker etc. med trekol i mellom. Generell stratigrafi målt frå overflata: Grastorv 0-2cm, lys grågul silt (utvaskingslag) 2-16 cm, kollag 16-20 cm, brun jord 20-60cm. I denne var det 3 usamanhengande kolstriper ca 3cm tjukke, samt spreidde trekolbitar. Kollag 60-63cm, gulgrå sand (elvesand) 63cm
Den markerte blokka er ca 2m høg, 3,5m brei, 8m lang, orientert NA-SV. Ca 1m høg indre holrom. 2m djupt. Den er tørr inni, men det er eit fuktig myrområde ved opningen og langs A-sida av hellaren. Funntomt prøvestikk inni. Framfor opningen viste prøvestikk berre 1-2cm tjukk kolstripe under 10cm med torv. Fuktig brun jord nedtil 50cm under overflata.
Markert blokk 8m lang, 6m høg. Mot N hallar den litt utover og her ligg ein banke som er opptil 1,2m brei. 1 av 3 prøvestikk framfor hellaren synte 2 kolstriper, kvar ca 2cm breie, ca 5 og 15 cm under overflata. Dei var tunne og til dels usamanhengande. Generell stratigrafi målt frå overflata: Torv 1-10cm. Brun jord 10-53 cm. Etter ca 20 cm blei den mørk brun pga væte. Fjell 53 cm under overflata.
Spreidde trekolpartiklar i jorda, men markert trekollag som dekka ca 7 x 5 m, orientert A-V. Kollaget 4-6cm tjukt låg under torva og over utvaskingslaget. Generell stratigrafi målt frå overflata: grasdekke, torv: 1-20cm kollag 20-26cm, utvaskingslag (silt) 26-30cm, oransjebrunt anrikningslag (silt) frå 30 cm. Det var ikkje større stein som sikkert kunne markere hjørne eller vegger, men desse kunne blitt nytta til bygginga av hytta like ved. Det blei teke ut materiale til C14 prøve frå kollaget innan eit område 25 x 15 cm. Lagfolgje: sjå generell stratigrafi.
Restar av oppmura tuft delvis innebygd i skråningen. Indre mål 3,1 x 2,7m, orientert Na-SV. Noverander høgd er difor størst i N 1,1m, i S berre 0,4m. Opning ca 80 cm brei i SA hjørne. Muren laga av noko flat, grov stein som no er mosekledd. Sagn seier at dette var tuftene til ein illgjerningsmann, Kamb-Ola. Han kom visst frå Valldal, men blei etter ei stund vekkjaga (drepen) av bygdefolket i Stordal. Dette skal ha skjedd på 1700. Kjelde: Martinus Støle, Stordal.