Båtoppdraget/nausttufta ligg i eit ANA-VSV gåande skar godt skjerma for vær og vind. Frå tufta kan Kyrkjøyni sjåast mot A. Innseglinga er no blokkert av store steinblokker. Etter avstanden til sjøen å døma kan tufta stamma frå yngre jernalder eller mellomalder.
Spinnehjul av grå kleberstein. Overflaten nokså mye forvitret og skadet med skår og gorper. Ornering på begge sider, utformet som et kors med armene som doble streker ut fra hullet. Se skisse M 1:1. Funnet i 1969 da man grov ut tomten til nåværende våningshus på gården. Lå litt under overflaten.
I forbindelse med registreringen 1979 ble det i to prøvestikk funnet kvartsavslag. Seinere samme året ble lokaliteten ytterligere undersøkt ved å grave flere prøveruter langs et på forhånd definert koordinatsystem. I alle rutene ble det dokumentert et tynt men markant kullhodlig lag. Alle funn ble gjort i dette laget. Totalt dekket neppe lokaliteten et område på mer enn 15 x 15 m. Lokaliteten ble frigitt i 1980.
Bosetningsområde fra steinalderen bestående av tre separate lokaliteter/boplasser beliggende på nordsiden av Andelva, og vest for motorveien. Til sammen utgjør bosetningsområdet et belte på ca 200 m SV-NØ, og har en bredde på ca 50 meter opp fra elvebredden. Vegetasjonen på stedet består av åpen blandingsskog. Undervegetasjonen av lyng og mose. Terrenget på stedet består av svaberg ut mot Andelva, med små lommer av løsmasse i mellom. Jordsmonnet på stedet er svært skrint.
Frå Per Fett: Buplass fanst i den nå attlagde åkeren 200 m SSV for stova, i stroket like N for ein hamar, 75 m frå Vestrepollen og kring 10 m. o. h. Det meste fanst i bakken opp mot der det nå står ei hytte. Her låg B 9836 og B 11896, oppsamla i åkeren eller i rydningsrøysar langs åkerkantane, samt av Wencke Slomann 1947.
2021:
I samband med detaljreguleringsplan for Vestrepollen vart den uavklarte buplassen kontrollregistrert med prøvestikk både i og rundt opphavleg kartfesting. Dette resulterte i ei mengd funngjenstandar, samt ei ny og større kartfesting.Den sørvestlege delen av lokaliteten ligg i eit relativt ope daldrag på 10-14 meter over havet, medan den nordaustlege delen ligg over ein smal sadel på 12-14 meter over havet, mellom asfaltert veg i aust og berg i vest. På lokaliteten er det grave 14 funnførande prøvestikk, og den er avgrensa av skrint terreng eller funntomme prøvestikk i alle retningar. Det veks furu, gran, bjørk og einer på lokaliteten. I sørvest er det tett vegetasjon, medan det i resten av arealet er meir ope. Det sentrale og sørvestlege arealet er noko utset for myrdanning, og under registreringa var det ein liten bekk heilt vest på lokaliteten.
Det vart gjort 184 funn på lokaliteten, fordelt på dei 14 funnførande prøvestikka – RS3, RS4, RS5, RS6, PS23, PS24, PS25, PS31, PS32, PS33, PS34, PS36, PS37 og PS39. Funna består av avslag og bitar, skraparar, stiklar, flekker, samt slipeplatefragment, og fleire ulike kjernar (bipolare-, sylindrisk- og håndtakskjerne). Her er råstoff av flint, kvarts, kvartsitt, bergkrystall, rhyolitt og bergart.
Dei funnførande prøvestikka på lokaliteten var mellom 25 og 55 cm djupe, med torv som var 10-30 cm tjukk. Stratigrafien på lokaliteten er lite einskapleg. I dei funnførande prøvestikka sørvest på lokaliteten (RS3, RS4, RS5, RS6, PS31, PS32 og PS34) er det massar av varierande brun grus og sand med torv i toppen og berg eller kompakt undergrunn i botn. Funna er gjort i varierande djupne, i overgang frå torv, til botn av nokre av stikka. I PS37 og PS39, sentralt på lokaliteten, var det meir fine massar av brungrå til lysegrå silt, iblanda sand, grus og stein. Nordaust på lokaliteten ligg dei grunnaste stikka (PS23, PS24, PS25 og PS36). PS23, lengst nordaust, har massar av brungrå silt med mykje grovkorna sand, grus og noko stein. Dei to funna (avslag og smalflekke i flint) er gjort anten i torva eller i øvste del av nemnte brungrå massar. PS24 og PS25 har båe massar av lysebrun grus og sand. I PS36 er det for det meste torv iblanda noko silt, grus og småstein. Alle tre funn er gjort i dette laget, i dei nedste 15 cm av stikket. Det var ikkje teikn på kulturlag i nokon av prøvestikka på lokaliteten.
Gjenstandane som vart funne på lokaliteten peikar på aktivitet i yngre steinalder, tidlegneolitikum eller til overgangen mellom eldre og yngre steinalder. Her er registrert ein diagnostisk gjenstand (sylindrisk kjerne), samt råstoff som båe peikar på ei tidlegneolittisk tidfesting. Funna samsvarar med strandforskyvingskurve for området som viser at lokaliteten sin plassering på 10-14 meter over havet var tilnærma strandbunden i denne fasen.
Lokalitetsflaten måler ca. 25 m Ø-V og 35 m N-S. Den er markert mot V der terrenget gjør et nytt trinn opp mot platået øverst på kammen. Også mot NV og SV danner knauser en naturlig skjerming og avgrensning. Det ble tatt 18 prøvestikk der 5 var funnførende. Det ble ikke påvist kulturlag på lokaliteten. Ingen av funnene fra lokaliteten er i seg selv daterende, men høyde over havet kan indikere en datering til seinmesolitikum.
Lokaliteten er ikkje ein kulturlagslokalitet. Funna er gjort i eit svakt trekolhaldig, mørkt sandblanda moldlag over og mellom større steinblokker. Det er ikkje påvist forstyrrelsar av noko slag på lokaliteten, men rydningsrøysene vitnar om jordbruksaktivitet i området. Dei negative prøvestikka kring lokaliteten indikerar at funnmaterialet ikkje er spreidd utover eit større område og at lokaliteten difor kan ha ein tilfredsstillande funnkontekst. Begge prøvestikka er vertikalt avgrensa på berg/større steinblokker. Estimert lokalitetsutbeiing er sett til 70m2. Funnmaterialet, som utelukkande består av flint i varierande kvalitet og er prega av bipolar reduksjonsteknikk. Det er ikkej påvist diagnostiske reiskapsunn frå lokaliteten. Den bipolare teknikken er stadfesta ved fire bipolare kjernar, samnt bipolare avslag med karakteristiske knusespor.. Det er ikkje spor etter flekker og flekketeknikk, eller plattformteknikk i materialet. 10% av materialet er brent 2,5 % er vassrulla.
Lokaliteten ble undersøkt ved registrering i 1989 samt at det ble tatt et par prøvestikk under forundersøkelsene i 1992. Lokaliteten er trolig svært liten. Den representerer et korttidsopphold, muligens en knakke- eller rasteplass.
Lokaliteten ligg like ovafor ein mektig strandvoll i Rundvika på dyrka mark på Helland. Strandvollen nedafor er ei mektig akkumulasjon av runde rullestein frå knyttneve storleik og oppover. Kor massiv denne vollen er veit vi ikkje men ei open dreneringsgrøft indikerar at den er minst halvannen meter tjukk og 8-15meter brei. Vollen, som truleg er frå tapes tid, strekkjer seg som eit knekk i terrenget tvers over Rundvika. Det funnførande laget ligg på over - og vestsida for vollen under ein meter med overdekking, som består av eit tynt dyrkingslag over mektig torv. Lokaliteten er avgrensa av negative prøvestikk i nordvest og nordaust. Strandvollen avgrensar lokaliteten i aust og inn mot dyrka mark i vest er lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk. Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 10-20m2. Lokaliteten er ikkje ein kulturlagslokalitet, men deponeringa under eit mektig, og truleg "in situ" torvlag gjer lokaliteten svært sentral både i lokal og regional samanheng. Relasjonen mellom strandvollen og dei funnførande finsedimenta på oversiden er og av stor interesse. Det er ikkje undersøkt om det funnførande laget strekkjer seg under, eller inntil strandvollen. Det funnførande laget i MT 66 er forsegla av eit 25 cm tjukt dyrkingslag og eit mektig torvdekke som er omlag 70 cm tjukt. Ein svak sandlinse er synleg mellom torvsedimenta på omlag 58-60 cm under overflata.. Det diagnostiske reiskapsmaterialet frå lokaliteten består av skotskada lansettmikrolitt av flint. Denne funnkategorien har ei vid dateringsramme til tidleg og mellommesolitikum. I tillegg er det funne eit avskag/kjernestikkel som hovudsakleg er eit tidlegmesolittisk trekk. Flekke og kjernematerialet frå lokaliteten er truleg nøkkelen til å innsnevre dateringsramma. Eit vassrulla avslag av grønnstein/diabas vart funne i overflata på strandvollen nord og nedafor lokaliteten. Totalt vart det innsamla 177 artefaktar av desse 7 brent og 2 vassrulla. Strandlinjekurva for området syner at lokaliteten ligg omlag 2 meter over tapes maksimum. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 9750 BP. Det vart samla inn trekol til akselerator datering frå eit nivå som smasvarar med nedre del av pollensøyla og det funnførande laget. Resultatet frå C14-dateringa synte 9410+-70 BP (TUa-3300). Eit resultat som samsvarar godt med det arkeologiske materialet.