Ifølge litteratur: Røys, utkastet. Ligger på Ø-siden av Årefjorden på toppen av åsen. D 4m. Ikke lokalisert ved ØK-reg 1974. Utilstrekkelig stedsangivelse. Uklare eiendomsforhold i området.
Like opp og SV for Espefossen, et NV-SØ-gående felt bestående av minst 10 dyregraver. I NV er feltet avrenset av et bratt stup mot elva, i SØ av grenset av et myrdrag. I SØ dreier feltet S-SV-SSV. Runde, klart markert unntatt nr 3. Svært varierende størrelse. De største er meget tydelige i terrenget.Jevn form, men alle unntatt nr 2 og 5 er gjenngrod og sammenrast. De 4 SV-ligste dyregravene er svært gjengrodd og utydelige Innbyrdes avstand mellom gravene er fra 5-55m. Lengst i SV er avstanden minst. Bevokst med lyng og mose, de 3 SV-ligste bevokst med bjørkekratt. D 1,5-5m, dybde 1,5-2m. Se skisse. Opplyst ved Finn Hellebergshaugen, 4643 Skåbu.
16.4.2025: Utvidet lokaliteten til å inkludere registrering fra Jarle Bye, fra 1990-tallet. Registrerings nr.12-27 i dokumentet "72 Espehalsen-Ramstjernet". Se dokumentasjon vedlagt for ytterligere informasjon av gravene.
Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 80m2. Då lokalitetsflata er topografisk avgrensa vart berre eitt prøvestikk tatt på lokaliteten. Det finst eit tomt avgrensningsstikk 10-12 meter nord og utafor lokalitetsflata. Kulturlaget, som er omlag 30cm tjukt, ligg direkte på bergflata. Dette laget er dekka av eit 20cm mektig torvlag. Dette er ein kulturlagslokalitet som skil seg frå dei andre i Baraldsnes - området då det er gjort funn av fragmenterte brente bein. Kulturlaget er sandhaldig med mykje feitt og kol, stein som er skjørbrent finst berre i små mengder då laget hovudsakleg består av finsediment. Det er ikkje noko synleg skille internt i kulturlaget i stikkprofilet, men ut frå samansetninga til C14 prøvane synte det seg at innhaldet av brente bein var større i dei nedste sjikta av kulturlaget. Det typologisk daterande materialet frå lokaliteten er eit eggfragment av ei vestlandsøks, funne i prøve 26 i nedste sjikt av kulturlaget. Eit fragment av slipt skifer peikar og i retning av neolitikum. Fragmentet er slipt mot ein egg og kan såleis vere ein del av ein kniv eller spyd. keramikk er også funen i ein C14 prøve (prøve 25), men i øvste del av kulturlaget. Bipolare kjerner syner saman med avslagsmaterialet deb dominerande reduksjonsteknikken på lokaliteten. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 5100 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 4400 BP. Dei to C14-prøvene frå prøvestikket ga dateringar til yngre bronsealder (bøttelag 1, prøve 25), og mellomneolitikum A (bøttelag 3, ptøve 26). Truleg representerer yngre bronselader dateringa 2610+-80 BP (T-155488) ikkje ein bruksfase på lokaliteten, men eller til dømes avsviing. Dateringa til mellomneolitikum 4430+-125 BP (T-15489) passer godt med det diagnostiske funnmaterialet på lokaliteten. Eggfragment av ei vestlandsøks som vart funnen i jordprøve 26 er gjensidig stadfestande.
I motsetnad til lok 4 i nordvest er det ikkje påvist kulturlag. Den skrånande lokalitetsflata er veldrenert og sedimenta er mykje tørrare. Funna ligg like under eit tynt torvlag med mykje røtter, i eit lyst sandlag (utvaskingslag) som vert mørkare mot botnen (anriking). Ei svak podsolering kan difor sjåast i prøvestikkprofilen. Prøvestikket (CHL 44) er ikkje vertikalt avgrensa på berg, men av synkande funnkonsentrasjon. Det magre funnmaterialet, som utelukkande består av flint i varierande kvalitet, er prega av bipolar reduksjonsteknikk. To av avslaga er brente, medan ingen er vassrulla. Funnbiletet verkar elles homogent. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 4900 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 4200 BP. Ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til mellomneolitikum.
I eitt prøvestikk vart det totalt funne eit retusjert smalflekkefragment og 9 mikro- og vanlege avslag i flint, samt eit avslag i kvarts. Funna er gjort i eit stratigrafisk sjikt som virkar svært omrota og inneheld mykje humus og lauspakka åkerjord. Det vart ikkje påvist funn i sikker undergrunnsmasse.
Lok 58 er definert som eit funnområde av kategori B. Lokaliteten har ei utbreiing til og kring sjaktene 55 og 56. Funnmaterialet kjem både frå overflatefunn og prøvestikk i sjaktene samt frå eit prøvestikk mellom sjaktene. Det vart totalt funne 9 artefaktar i flint på lokaliteten. Av desse var tre retusjerte flekker, kor ei var vassrulla. Av dei seks avslaga i flint var to vassrulla. Ut i frå typologisk trekk i flekkematerialet er ei tidlegmesolittisk datering plausibel.
Sjakta er orientert aust-vest og undergrunnen var av grus og stein. Fleire kisteveiter var synleg i sjakta. Kokegropa ligg tett i bergkanten, som har gitt god ly mot vind, og det kan ikkje utelatast at det finst fleire kokegroper i området ved bergkanten. Det vart laga eit merke i berget med spraymaling for å syne sjaktplasseringa. Resultat av datering på kokegropa ga alderen førromersk jarnalder.
Lok. 1 ligg 6-7 m NA for hytte og 1 m SV for bergvegg. Her var 10 cm trekolblanda torv, tynt sandlag og brunjord under. Funnførande prøvestikk. Staden er ei lita lun flate.
Lok. 2 ligg på naturleg flate, 3 m NA for hytte og 2 m N for hytteveg. Prøvestikk utvida til 50x50 cm: 12-15 cm trekolblanda torv, 2 cm trekolhaldig lag og brunfarga steinhaldig jordsmonn under. Prøvestikk NA og SV for dette ga ikkje funn. Prøvestikk 2 m SV synte 12 cm kolblanda torv og sandblanda jord under.