Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nord ¿ sør, og vel 20 meter aust ¿ søraust, og dekker såleis ei flate på opp mot 600 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i tre retningar, medan det ligg myr mot nord. Dette gjer at me ut frå topografien og prøvestikka kan anslå buplassen til å vera opp mot 300 kvadratmeter. Ein steingard fylgjer topografien i området og syner såleis avgrensinga av lokaliteten i alle retningar bortsett frå mot nord. Eit heildekkande sand- og gruslag har gjeve god drenering på buplassen. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På heile flata er torva noko om lag 10 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 til 20 cm tjukt lag med lys brun til brun sand og humusblanda med noko grus (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me over det meste av lokaliteten brun sand og grus (undergrunn).
Lokaliteten ser ut til å strekka seg 120 meter aust - vest, og vel 50 meter nord ¿ sør. Det er ikkje prøvestukke i hellaren, men den har truleg vore i bruk etter som den ligg kloss i lokaliteten. Kraftige tørrmurar i hellaren syner at den har vore i bruk i nyare tid. I skråninga like bortan for hellaren vart det i dei snudde massane etter kloakkleidningen funne avslag i grønstein og flint. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein stor buplass. Det er ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er grave ei open dreneringsgrøft, og ein kloakkleidning over lokaliteten. I dei oppgrevne massane var det mykje funn i tillegg til at det var ein del funn i profilveggen i grøfta. I dei attgrevne massene etter ei kloakkgrøft var det mykje funn i flata. Dette syner at lokaliteten strekk seg eit godt stykke opp i skråninga mot nord. Dette er ein svært stor lokalitet, med kraftige funnførande sand- og gruslag på opp mot 40 cm. Funnsamansetninga og laga syner at lokaliteten har vore i bruk i fleire tidsperiodar.
Flata som lokaliteten ligg på, er om lag 15 meter nord ¿ sør, og 8 meter aust ¿ vest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i alle retningar unnateke mot vest kor det er opent ut mot myra. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 60 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. Torva er vel 15 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit opp til 10 cm tjukt lag med brun til brunsvart humushaldig sand- og gruslag med litt trekol (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me lys brun sand og grus (undergrunn).
Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 20 meter nordaust ¿ sørvest, og 8 meter søraust ¿ nordvest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i nordvest og søraust. I nørdaust fortset draget lengre opp, medan det i sørvest er opent mot eit fuktig myrområde på flata før Kvitlavika. Lokaliteten ser ut til å ha lege på ein gamal strandvoll. Topografien på staden, saman med prøvestikket, gjer at me truleg kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 50 kvadratmeter i storleik. Avgrensinga her er noko usikker fordi me ikkje fekk tid til å ta fleire prøvestikk. Ei stor steinblokk ligg inne på lokaliteten. Ut frå plasseringa, funn og stratigrafi ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Det er teke 1 prøvestikk på lokaliteten, og dette var funnførande. Torva er 30 cm tjukk (lag 1). Under denne kjem det eit vel 12 cm tjukt lag med mørk brun til svart grus blanda med litt stein (lag 2). Nedst finn me brun sand og nokre steinar (undergrunn).
Samlinga inneheld tre røyser. Røys 1 ligg lengst V oppe på bergryggen. Røysa måler 10 m A-V og 5 m N-S. Ho er 40 - 50 cm høg. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein i størrelse 30 cm til stein av mannsløft størrelse. Mogleg restar etter gravkammer i sørøstre del av røysa. Røysa er lyngkledt men stein stikk i dagen fleire stader. Ei lita bjørk står i den nordre kanten av røysa. Røys 2 ligg få meter A for 1. Røysa måler 8 m ANA-VSV og 4 m NNV-SSA. Høgda er ca 40 cm. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein. Røysa er lyngkledt men det stikk stein i dagen fleire stader. Det vekst to samlingar av bjørk i røysa. Rett S for dei to røysane, på ei hylle i berget ligg røys 3. Røysa er langstrakt og ligg langsetter berget som strekk seg Ø-V. Røysa måler 7 m Ø-V og ca 3 m brei. Her veks ein del brake og lyng slik at røysa er vanskeleg å avgrense. Formen på røysa kan karakteriserast som uregelmessig. Røysa er bygd av noko rund stein men mest av brotstein. Røysa er delvis mura nær midten. Mogleg rest etter gravkammer eller mura kant i røysa.
I alt er det tatt 18 prøvestikk på flaten, som er ca. 2200 m2 i utstrekning. 13 av prøvestikkene var funnførende. Prøvestikkene grupperer seg i to områder; ett i N og ett i S.
Den overhengende bergveggen danner avgrensingen mot Ø og sørger for hellertaket. Avgrensingen mot N og S er noe mer usikker. Mot N stiger terrenget oppover, og det ble tatt et prøvestikk i dette området. Mot V er lokaliteten naturlig avgrenset av en bratt, ca. 2 m høy skråning ned til myrdraget. Selve flaten under dråpefallet er minst 7 m lang N-S og 3-4 m bred Ø-V. 2 prøvestikk ble tatt på flaten, derav 1 funnførende. Det funnførende området har en utstrekning på minst 30 m2, sannsynligvis er det enda større. Uvisst om denne lokaliteten ble ytterligere undersøkt før frigivning.
I ett prøvestikk ble det her funnet 1 flintstykke m/cortex. Massene ble vannsoldet. Det ble også tatt vare på en stein av bergart med avslagslignende spor. Aks.nr. 89/182
Beskrivelse fra lokalitet:
En røys med diameter på ca 220 cm. Steinene var gjennomsnittlig mellom 20 og 40 cm store, og steinen var plassert rett på fjell.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røys bestående av stein på mellom 20-40 cm i diameter. Steinene ligger rett på fjell på en markert knaus i landskapet. Røysens diameter er ca 220 cm. Torven ble fjernet i to kryssende sjakter som hver hadde en bredde på en meter. Før man fjernet torvet lå det kun tre til fire stein i dagen, og det var umulig å avgjøre om det var en røys eller ikke.
Utgraving: Gravd ut i 2013 av Universitetsmuseet i Bergen. Røysen besto av spredte stein som lå rett på en knaus. Det var etter undersøkelsen uklart om dette har vært en gravrøys eller en rydningsrøys. Det ble ikke funnet trekull ved undersøkelsen, og dateringen er derfor ikke avklart.
Beskrivelse fra lokalitet:
Det ble ved sjakting funnet en kokegrop. Ingen flere strukturer ble påvist i nærheten.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Struktur 2 var en ovalformet kokegrop med en diameter på ca 95 x 65 cm. Det var få steiner som var synlig i plan, men alle som kunne sees var skjørbrente. Fyllmassen i strukturen bestod av svart kullholdig sand- og grusmasse.Det var mye kullbiter i massen. Kokegropen var plassert delvis inntil og delvis i kraftig forvitret berg, og lå i nedkant (vest) av en større bergflate, ca 58 moh. På vestsiden, og nedsiden, av strukturen bestod de omliggende undergrunnsmassene av rødbrun sand og grus.