Støl. Det blei slege rundt 50 lass høy på stølen og i området rundt. Stølsdrifta tok slutt etter andre verdskrigen. Noko som også tok slutt etter andre verdskrigen, var gangtrafikken av gruvearbeidarar frå Sirdal som gjekk til og frå gruvene i Knaben. Somme av dei overnatta her på denne stølen. Stølsbua er restaurert og står opa for overnatting av tilfeldige vandrarar.
Rideveg frå 1670, omgjord til sledeveg (men enno med klassifisering rideveg) frå 1871 til 1908, brukt som lokal Åmlandsveg (køyreveg eller kjerreveg) til 1954. Brukar etter Rasmusbraunè over Saurfidbekkjen.
Her stod det ein vete, men han blei nedlagd før 1700-talet. Den fyrste landmålingsvarden var sylinderforma og blei bygd i 1850. Den nåverande firkanta landmålingsvarden blei bygd i 1917 (Statens kartverk). Utsyn mot Ovaldsteinen i Gyland, mot Grunnevassknuden i Fjotland, mot Tindefjeddet i Åseral, mot Tjennskarknuden på Gausdalsviå i Hægebostad (vete?), mot Kaldåskniba i Lyngdal/Herad, mot Homskniben i Lyngdal (vete?), mot Toien i Feda, mot Storfjell på Lista, mot Kjørrsfjellet i Hidra, mot Simonskjørka i Nes ved Flekkefjord, mot Storevarden i Nes ved Flekkefjord, mot Voreknuden i Lund/Sokndal og mot Hilleknuden i Øvre Sirdal.
Rodestein med innskrift R No 4. Han har stått på N-sida av vegen N for skulen. Vegen var Sørlandske hovudveg. No står rodesteinen foran skulen. Rodesteinen sprakk, men er no bolta saman.