I 1809 blei denne stølen seld frå garden Øvre Kvinlog til garden Håland (denne garden blir i daglegtalen kalla Heiè eller Uborsheiè). 2 x 4 m stor tuft etter stølsbu med bylgjeblekkplate. Tidlegare ID 175607 er stroke fordi det var det same som dette ID.
Sist brukte bjørnehi i Vest-Agder. Det er eit stort rom under eit samansurium av steinblokker. Bjørnen som låg her, blei skoten våren 1910 i Ausdalsdalen i Sirdal.
Det hiet som er blitt kartfesta og fotografert i Torfinn Normann Hageland: «Heieliv i Hekkfjeddet» (2021) s. 192 og 209, låg 140 m lenger ute i dalen, men det er ikkje det rette bjørnehiet, endå om det er der det står trykt namnet Bjødnehi på kartet. Det feilaktige bjørnehiet er dessutan blitt øydelagt av skred.