Høgreist steinblokk, brukt som endestav for Bjennstøl (Bjørnstøl) i Hægebostad sokn, Urestad i Hægebostad sokn, Stakkeland i Kvinesdal sokn og Moi i Kvinesdal sokn. Dessutan vegvisarstein i ridevegen mellom Urestad i Hægebostad og Stakkeland i Kvinesdal. Den latinske bokstaven L skal stå innhogd i steinen.
Varde høgt i fjellsida. Årli: "Det er ei segn om eit prestefølgje som fraus i hel på veg til messe i Hægebostad vinterstid. ... Det måtte vere mykje snø å stampa i, for då dei kom til Svoan kasta dei av ein laks for å letta lasset. Her står ennå ein høg stein til minne. Den er kalla Laksen. Lenger inne på heia er Karmen. Her måtte dei spenna frå karmsleden. Lenger borte ligg Hestvatnet. Der staup hesten. Her er reist ein varde, men den er til minne of Fia Stakkeland som fraus i hel. Så måtte dei stampa seg opp dei lange Prestbrodan til Støvlevatnet. Vidare måtte dei framom Grokjødna. Der miste både deknen og hunden livet. Dei gamle kunne fortelja at det stod vardar som heitte Karmen, Hunden og Deknen. Alle desse vardane er nedrevne. ... Minnesteinen over presten står ved denne gamle stien. ... Prestfrua heldt ut lengst, men ho tok feil av vegen i snøtykka. Ho tok opp for ein bratt bakke. Her er og reist ein varde som er kalla Frua."
Varde forma som ein steinkross. Årli: "Det er ei segn om eit prestefølgje som fraus i hel på veg til messe i Hægebostad vinterstid. ... Det måtte vere mykje snø å stampa i, for då dei kom til Svoan kasta dei av ein laks for å letta lasset. Her står ennå ein høg stein til minne. Den er kalla Laksen. Lenger inne på heia er Karmen. Her måtte dei spenna frå karmsleden. Lenger borte ligg Hestvatnet. Der staup hesten. Her er reist ein varde, men den er til minne of Fia Stakkeland som fraus i hel. Så måtte dei stampa seg opp dei lange Prestbrodan til Støvlevatnet. Vidare måtte dei framom Grokjødna. Der miste både deknen og hunden livet. Dei gamle kunne fortelja at det stod vardar som heitte Karmen, Hunden og Deknen. Alle desse vardane er nedrevne. ... Minnesteinen over presten står ved denne gamle stien. ... Prestfrua heldt ut lengst, men ho tok feil av vegen i snøtykka. Ho tok opp for ein bratt bakke. Her er og reist ein varde som er kalla Frua."
I den fyrste tida etter Svartedauden omfatta garden Fåland si mark både Fåland, Ro, Røydland, Heddan og Valefjell i Hægebostad sokn og Urevatn, Kleppe, Vester Vik, Skytel og Håberg i Eiken sokn. Dette blei opplyst under ein grensegang i 1746 (sjå «Gards- og ættesoge for Eiken», band 3, side 16 og 80). Norges Geografiske Oppmåling sine kommunegrense-skildringar frå 1800-talet (i depositum på Statsarkivet i Kristiansand) opplyser feilaktig at både Hægebostad, Eiken og Kvinesdal sokner møtest i Fålandsrøysa, og i kommunegrense-skildringa frå 1937 står det feilaktig at Fålandsrøysa er vinkelen i kommunegrensa 66 m lenger sør. Men den rette Fålandsrøysa er ei steinblokk, og oppå denne ei grenserøys med ein liten bautastein i midten, som er endestav for strengen Håberg / Hobbesland i Eiken sokn der han støyter til Herrstøl i Kvinesdal sokn.
Å. Årli: "Bestefar og bestemor budde i Borhommen. ... Ein dag var det lenge før kyrne kom heim frå skogen og bestemor gjekk for å sjå etter dei. ... Så plutselig, inni Grimedalen fekk ho sjå ein bøling på 15-20 kyr. Dei var sidute og droplute med store jur og så feite og blanke at dei skein i kveldsola. På horna hadde dei blanke messingklådrar som blenkte i sola. Bestemor meinte ho kjende buskapane på alle gardane omkring, men ho kunne ikkje skjøna kven som hadde ein slik bøling. Ho gjekk nærare og der millom dyra fekk ho sjå gjætargjenta. Ho hadde langt ljost hår og gjekk med ein fin grøn stakk og raudt snøreliv. På ryggen bar ho eit lite barn i ein linne. ... Ho (bestemor) gjekk bort der ho hadde sett bølingen, men ikkje så mykje som eit spor var å sjå. Då fyrst gjekk det opp for henne at det var ein huldrebuskap og huldregjente ho hadde sett."
Å. Årli: "På heia mellom Biktjørn og Versland ligg det eit lita myrtjørn som heiter Kjeringtjørna. Etter sagnet skal ho ha fått namn etter denne hendinga: I eldre tider rak det mange fantefylgje rundt i bygdene. ... Ein kveld seinhaustes kom det eit fantefylgje til Biktjørn og millom dei var det ei utgamal fantekjering. Om kvelden sat ho i omnskråa og sipa og gret, ho tyktes vera reint ulukkeleg. Då fanten gjekk ut skunda kona i huset seg å spørja gamlemor kva det var som var så gale og kva ho gret for. Gamlemor sipa endå meir og kviskra: "I morgen skal jeg dyppes, senkes ned, senkes ned". Kona akta ikkje serleg på dette, då ho tenkte at den gamle var åreforkalka og rørde. Om morgonen reiste fantane vidare opp Kleiva og til Versland. Men då dei kom dit var gamlemor vekk. Segna fortel at dei hadde bunde ein stein til henne og søkt ho ned i den vesle tjørna. Dette skulle vera ein vanleg måte som fantane brukte for å kvitta seg med dei gamle som det ellers var eit ork å dra med seg rundt. Sidan har tjørna heitt Kjeringtjørna."