Å. Årli skriver om Karl Olsen på Rødland som gikk gjennom isen inne på Holmevatnet inne ved Kjeråsen, der han skulle hente et lass bark. Årli: "Det var mange som gjekk heim att i den tida. Det gjorde Karl og. Folk lika ikkje å gå til Holmevatnet etter det blei mørkt. Det var lett å kjenna att Karl Olsen. Etter han blei gjengangar, gjekk han og slikka seg i nasa. Det gjorde han og då han levde. Det var mange som såg han ved Holmevatnet. Etter at dei bygde alle hyttene rundt Holmevatnet, har ingen sett mannen med den lange tunga."
Årli: "Det hende at dei såg lys om nettene på myrlendt jord. Det er gass som kjem opp frå jorda og lyser i mørket. Dei gamle hadde ei heilt anna forklaring. Dei trudde det var barn som hadde blitt drepne eller og barn som døydde før dei blei døypte. Dei blei gjengangarar. Dei gamle likte ikkje å møta eller sjå lyktemenn. Hans Moi skulle heim til Åsen seint om kvelden. Då han kom til Skrømtesteinen i Rudlendsmarka, møtte han ein mann med ei lykt i handa. Han trudde det var Johan Aarli som kom heim frå eit møte han hadde halde på Moi. Då sa Hans i Åsen: "Kjem du atte nå Johan?" Då slokna lykta. Segna seier at det hadde blitt drepe og nedgrave 2 barn under Skrømtesteinen. Dette var ca. år 1900."
Årli: "I Grønåsen går veien mellom store trær. Her blir berettet om larv og leven. Her går veien om Kalvehuset. Det skulle være farlig å gå inn i denne hulen, for her kan en se trolløyne lyse i mørke. Onkel Tobias kunne fortelle om trolldom og underjordiske. Jeg fikk ikke lov til å gå alene denne veien før jeg var 10 år."
Årli: "Rødland førte sak med Espeland på heia i mest 10 år. Begge gardane ville eiga ei utslåtte som heiter Kjeråsen. ... Dommen i saka fall i 1752 og Espeland tapte. Dei var då så utarma at dei måtte frå garden. Lensmannen som las opp dommen heitte Peder Mortensen Bøgvad. Han stod på Lensmannsmyra og las opp dommen. Sidan har her vore to markegastar. Ein høyrde dei i mørke haustkveldar. Den eine skreik så hjartesårt: "Her dømte jeg galt". Den andre gasten svarte: "Men du fikk mange penger". Her fekk Espelandsfolka hemn."
Årli: "Veien frå Motland til Åse går framom ein heller som er kalla Marke-helleren. Det var tre gardar som grensa til denne helleren. Det var Motland, Liland og Åse. Markne-helleren har med markne-gasten å gjera."
På elvebunnen, få meter fra land, er det observert nedrammede stokker. De har ofte vært i veien for småbåter som skal ut fra bekkeoset her. Mulig fast fiskeinnretning.