"I gamle dagar var det ikkje gard millom Røydland i Nes og Raustad i Fede sokn. So visste dei ikkje greida paa kor langt kvar aatte heller. Vart dei daa samde um aa gaa heimanfraa med same soli rann, og der dei daa møttest skulde bytet vera. Men Røydlandsmannen var so tidleg ute at han kom heilt under Raustadkleivi fyrr han møtte grannen sin, og daa vart Raustadmannen so vond at han slo hin i hel og grov han ned ein stad der paa sletta attmed vatnet ovanum Refstien paa den gamle vegen." Lokaliteten, konkretisert til tjernet Munnlauga, blir også knyttet til en strid om byttet mellom Feda og Eigeland ytre.
"Millom Eie og Soland skulde dei gjera av bytet paa same maaten. Solandsmannen var ute for tidleg. Han kom so langt at han kunde sjaa til Eie. Der vart trette og slagsmaal og dei vart liggjande der baae tvo. Der er 2 steinhaugar yver dei, og naar folk gjekk framum skulde dei kasta ein stein paa kvar røys." Otto Skailand og Leif Eirik Eie opplyste at steinane ligg undergrodde nede i eit søkk, 50-100 m sør for løypekrysset ved Heståstjødnèn. Finn Einar Eie opplyste at steinane ligg halvt under ei mauretuve, 8 m nordaust for løypekrysset ved Heståstjødnèn, og at far og farfar hans sa det same.
"Djuvik-mannen og Nulands-mannen vilde greida bytet millom gardane sameleis. Djuvikmannen var uppe noko fyre hin so han kom ein grand for langt. Nulandsmannen - han heitte endaa Lars - slo ihel Djuvikmannen og grov han ned der Pigsteinen stend. Sidan tok fæla han so han reiste paa skogen og heldt seg løynd. Han vart teken likevel og dømt til aa bøta 12 aalsvarte kalvskinn. Greidde han ikkje dette skulde han mista livet. Han for vidt og breidt og fann i hop 11. So vilde han røma av, men fyrst grov han ned ein koparkjel full med pengar i Røsa, og ei kvern som det ikkje var make til løynde han i Nulandsfossen. Kvar det sidan vart av han veit dei ikkje so visst aa segja. Sume sa at han gjekk utfyre ei kleiv som heiter Larskleiva, men andre segjer nei."
"Det er ein høg stein som ligg paa ein liten skogmo millom Litledrange og Drangevatnet. Ein av dei gamle vegarne millom Gylands sogn og Flikkefjorden gjekk fram um her (Litledrange, Lindeland, Listøl, Øysæt). ... Segni hev nok gløymt det meste um Sigvaldsteinen, men at det hev vore skrymt der, det veit dei, og sume er gjerne enno smaatt fælne for aa gaa framum der i myrket. Ei gamal gjenta som gjekk og bad seg kring i gardarne lenge sidan - dei kalle ho Kari Linka, og hu hadde bjørnefot (klumpfot) - ho bad til Sigvaldsteinen hev dei gamle sagt."
"Paa Omland i Fjotland er det eit fjell med ei djup riva i, upp fraa husi. Omlandsbønderne bruka gamaltt aa tøma øl og mat ned i denne klova kvar jolehelg naar dei hadde brygd og baka; dei trudde det heldt seg trollskap der nedi som kom til aa velta fjellet yver dei um dei ikkje for vent med det."
Lokalitetsnavnet Tranland indikerer at det befinner seg en ødegård i området.
Ny opplysning 2025: Skrivemåten skal være Trandlan, flertall bestemt form av trandl. Det betyr kavlebru, stokker lagt på myr i veg over myr. Og ikke en -land gård.
"I Lunden paa Birkeland i Fede sokn stod det fyrr ei gamall svær eik som gardsfolket ofra til. Bl.a. maatte ho alltid faa noko naar ei ku hadde kalva. Det hev elles halde seg mykje skrymt og slikt der. Eg hugsar fraa eg gjekk amtskulen paa Feda for 30-40 aar sidan ein mann i Stronda fortalde um ein som hadde vore paa Birkeland um kvelden og kom ned etter den gamle steingota etter det var avdaga. Daa møtte han ein som kom ridande paa ein stor svart hest. Han tenkte ikkje større yver det med det same, men so kom kan til aa undrast at det ikkje høyrdest hovslag av hesten der i steinarne. O daa tok fæla han so han var bleik som ein dauding daa han kom til folk. Han fortalde daa kva han hadde vore ute for. "Ja du er ikkje den fyrste som hev møtt den karen!" sa dei med han."