Nær Asalhaugen (sjå ID 41783) stod det ifølgje Grannen 2 1953 ein liten hellestein som det var skikk å ofra øl og graut til på joleftan. Men så var det ein prest i Sirdal, truleg Rønning, 1863-74, som mislikte øl- og grautberinga til hellesteinen, han fekk ein omreisande kramkar til å velta hellesteinen av ende, noko ingen bygdemann ville gjera. Sidan vart så hellesteinen innmura i skorsteinen hjå Per Svensson. Der låg han i fleire år, men så fekk Elias O. Tonstad lov til å ta hellesteinen for å setja han opp att i tunet heime, i Hauetunet. Kartfestinga er unøyaktig.
"På Sporkland i Bakke er der ei veldig stor steinhella, som nå ligg over ein bekk i tunet, men var tidlegare dørhella til Per Sporkland. Den er ganske flat og fin på eine sida og vel 3 rutemeter stor. Etter sagnet vart denne hella funnen på austre sida av Leirtjørn, og transportert til gards med folkemakt. Dei gjorde dugnad og fekk hella heim på den måten. Det måtte vera eit stridt arbeid, då ho er rekna på å vega 1 1/2 tonn. Den hev innhogge årstalet 1758, og bokstavane S. T. S. Kartfestinga er omtrentleg.
"Det er gamalt sagn, at det eigong var ein anfældig stor orm som heldt seg i Smietødnan på Klokkefjellet. Den var så vond til å hogga når det gjætte, at han drap mange krettur. Då blei det til det, at dei bad ihop grannelaget og skulle prøva drepa ormen. Dei jagte den med stokk og stein så han kraup inn under ein stor stein. Der kunne dei ikkje få tak på han, men så bar dei ihop ved og ris og gjorde opp ein stor eld kring steinen, og då det leid av eit bil, så smalt det som eit byrseskot. Då skyna dei at det hadde teke knekken på han. Då dei fekk grave han fram, hogde dei hove av han, og det var så stort som eit kalvehove.
"Det er sagn om ein mann frå Tonstad, som gjekk under namn av Jeide Sven. Han hadde kome utfor ulukka og gjort eitkvart gale, så han laut røma til skogs, og heldt seg mykje ein stad dei kalle Forkundalen, som ligg millom Tonstad og Øksendal i Bakke. Han hade seg eit tilhald i en ur der, men laut vera om seg etter noke å liva av og det gjekk utover gjeiter som gjekk på styr og som han tok og slakta, og når han var mykje forlegen for mat, kom han heim til gards om netterne og stol kretur. Så fekk han namnet Jeide-Svein. Det blei etterkvart så mykje steling, at folk samla seg og gjorde jakt på Sven. han var varsam med å gjera opp eld om dagane, så dei ikkje skulle sjå røyken, men tilslutt fann dei hola hans og kringsette han og dermed fanga dei han." Heller under steinblokk, lite grann livdemur, plass til 1, vender mot sør.
Ein dødsdømd skomakar skulle sleppa dødsstraff om han kunne greia å sitja på stupkanten og lappa eit par skor. Då han var mest ferdig, miste han sylen, og så greip han etter sylen, men miste likevekta og datt ned og slo seg i hel.
Denne vandresegna finst både i Vennesla, Greipstad, Søgne, Sør-Audnedal, Lyngdal, Feda, Gyland, Rennesøy og Hjelmeland.
"Det er fortald at det var ein tjuv som heldt seg i Modalsliheia, ein stad dei kalla Kleppestøl. Han gjekk a kvigarden av Kleiva og stal ein sau, dei fylgde farvegen etter han til dei kom til Kleppestøl, då koga han på kjøtet. Denne mannen tok på rydda seg gard i ei to som dei seinare kalla Stangborli, og det har budt folk der lenge, som he vore ærleg og greide folk."
"Mellom Nedland og Kongevoll, litt utanfor Nedland, er det ein plass dei kallar Tronga. Det var den gamle almannvegen fyrr. Det er sagn om det eigong i gamle dagar blei drepen ein mann der i tronga, som heitte Svein Svadde. Han skulle falla på ei flat hella som ligg der i vegen, og til minne om dette skal det vera hoggen inn 2 bagvente S. S. Eg har vore ved steinen og sett, der er ein bagvent S, men ikkje 2. Folk trudde denne mannen gjekk heimatt, som dei seier, og det hende dei såg trongmannen, helst når det var ute å ferast der i myrkje."
Tuft med sentralt ildsted. Steinene som markerer tuft og ildsted er uten vegetasjon. Mål på tufta NØ-SV 4,8 m, NV-SØ 6,1 m i N og 5,1 m i S. Ildstedet som har diameter 1,5 m ligger 3 m N for SØ-veggen. Prøvestikk 0,4 m S for ildsted, viste 4 cm tykt kulturlag under podsollprofilen. Kulturlaget lå over rødbrun sand som igjen lå over jernutfelling Prøvestikk utenfor tufta viste kun podsolprofil. Inntil 8 m S og Ø for tufta lå det noen spredte slaggbiter og enkelte biter med leirforing. SV for tufta og S for steinblokker ligger flere markert kullflekker.