"Det er gamalt sagn på Gyland at det stod eit slag i Krigåsen mellom to kongar som heitte Omar og Øystein. Begge fall i slaget og blei hauglagt. Omarshaugen ligg like under Kjydnhamaren, men det blei bygt hus der i 1865. Haugen er ikkje undersøkt. Øystein blei hauglagt i Øysteinshaugen."
"På Kongevoll er fleire gonger funne krukkebrot som ikkje er bevart. Sist blei det i 1952 funne, dei grov kjellar til hus av Andreas Kr. Kongevoll, eit mura gravkammer med leirkrukke i som blei sundknust."
"Eit stykke sørvest for Fedjestadtjørna, på sørsida av den nye vegen til Grøtteland, er det på ein bergeknoll ei stor røys med stein. Den har vore rund, 2-3 m i tverrmål og 1-1 1/ 2 m høg. Den er opplagd av måtelige lyftingssteinar. Etter gamalt segn skulle det vera ein kjele med pengar inne i røysa, og difor har ungdom frå gardane der teke seg turar og rota i haugen og rulla steinen nedover bakken. Så nå er røysa oppriven og holas i midten. Eldre folk som minnes den då ho var uskadd, seier ho var avrunda ovantil som ei stor høysåte. ... Bakken nær ved kalla dei Vollen, og det er eit namn som ikkje plar brukast på udyrka jord. Så det tyder på at der i si tid har vore dyrka jord der, og bakken ikring er turr og tolleg steinfri, som steinen i øverste jordlag skulle vera plukka bort."
Etter tradisjonen ble det holdt skeid på sletten her i gamle dager. Kartavmerkingen er ikke presis. Nuland: "På Skeidsmonen var det i gamal tid ein ring av steinheller. Den låg i søraustre kant av monen, om lag der vegen gjekk over åna heim til garden Gyland. Ein av dei beste sogemenner, Tønnes Gunnufson Gyland, har fortalt meg dette. Dei tok til med aurgrov der, og ringen blei øydelagt. Det var sagn om at kjempene måtta halda seg innanfor denne ringen når det tokst, sa heimelsmannen."