I reguleringssonen ble det funnet store mengder avslagg av flint, bergkrystall og kvartsitt. Det ble bl.a. også funnet 2 flekkepiler av flint, og 1 tverrpil av bergkrystall.
Ronåsen ble fraflyttet i 1920-årene. I dag utgjør gården et meget fint eksempel på den tradisjonelle gårdsstrukturen i regionen. Her finnes flere husmurer og -tufter, gjerder, en fegate, rydningsrøyser, kvernruiner etc. Må bevares.
"Kumlarvoll var ein stad der det var mange gamle gravhaugar. Dei fleste er utjamna nå, men det skal ha vore mange under bakken mot Fedjestad. Derfor heiter bruket det ennå "i Houan". ... På Kongevoll var det skikk til for omlag 100 år sidan at grannane møttest om julaften på ein haug i Hauan, og prøvte kvarandre sitt juleøl. Lenger attende slo dei noke ned i haugen også." Kartfestinga er omtrentleg.
"På tunet av Elias K. Gyland står det ein merkeleg stein. Han er som ein firkanta søyle med om lag 23 cm breie sideflater. Han er 1,75 m over jorda og truleg ca. 75 cm under, til saman 2,5 m. Han går under namn av Hommesteinen, og han har ei forvitneleg soge. Det ser ut til å vera ein naturstein som ikkje er tilhoggen av menneske. Han har ingen runeinnskrifter, men kring 30 cm over jorda er det på eine sida ei skrå renne, kring 1 cm brei og 0,7 cm djup. Dei kallar det kvessespor, og etter sagnet har dei brukt denne renna når dei skjerpte spyd og piloddar. Denne steinen stod tidlegare på sørsida av kyrkjegarden på Gyland. Vegen gjekk i gamal tid frå Skeidsmonen over åna og fylgde vegen opp over monen, der det var bru over åna mot kyrkja. På sørsida av kyrkja var det port i kyrkjegardsmuren, og denne inngangen var då mest brukt. Framfor muren var det ei slette der folk hadde pålar, som dei bant hestane i når dei reid til kyrkje. På sørsida av åna var det den tid utmark, og om sommeren var det somme som slepte hestane på beite der, mens dei var i kyrkja. Mellom pålane framfor kyrkjegardsmuren var også denne sers vakre steinen. Det skulle vera ein mann frå Homma som åtte han, og etter sagnet skulle han vera frakta fram til Gyland. Men det må vera veldig lenge sidan. Eg har funne han nemnd i ei tingbok frå 1741. ... Dette (dvs. rettskilden) syner i alle fall at steinen har vore flytta ein gong før han kom på tunet av Elias K. Gyland." Kartfestinga er omtrentleg.
"Ein mann på Homma såg eingong nissen på ein plass dei kallar Svinehaugen. Han var som ein liten gut, men hadde langt skjegg og pinkhuva som nissar plar ha."