"Kongegravo" (nytt namn). Haugen er overdyrka og visseleg mykje redusert, her skal såleis ha vore fotkjede. Han er nå 10 m i tvm. og 0,5 m høg. Truleg kjem B491 herfrå, det skulle vere frå ein haug, "Snørehaugen kaldet" men der oppe finst der korkje restar av eller minne om slikt. Funnet låg under ei helle 2 1/2 alen lang, l 1/2 alen brei og 6 tommar tjukk (1,55 x 0,90 x 0,15 m), elles var det ikkje anna enn menneskebein. Likevel fortel Nicolaysen om at det på ein annan stad i haugen var f."et stykke messing af en hul cylinder eller ring". Seinare fanst B11454, og der blir nemnt nokre sprøde bronsemyntar, dvs. at bronsebitane var runde.
Fetts fk. 5/1: Røys. Ho er 9 m i tvm., 1 m høg, bygd av kamp som for det meste er naken. Djupt hol i midten til berget, randa er 3 m i tvm. To små heller ligg lause. Ei rogn står i sårkanten. Fetts fk. 5/2: Steinkrans, noko over halv ring i 12 m tvm., 1 m brei, bygd av éin rast kamp, opninga er mot NO. Er dette ei påbyrja røys som aldri vart til noko?
Fetts fk. 1/1: Røys. Ho er 7 m i tvm. og låg bygd av kamp med litt lyngtorv på. Fetts fk. 1/2: Røys. Her er ein god del store steinar som må ha kome dit på naturleg vis. Innimellom ligg mindre steinar som nok folk kan ha ført dit, men det er vel dristig å søkje ei anna forklaring for dei små enn for dei store steinane?
Røys. Bygd av kamp i 8 m tvm. og 1 m høgd, noko tilgrodd med lyngtorv. Ho er noko utkasta og ein varde står i kanten i NO. Om ho ikkje ligg serleg høgt, er her likevel stort utsyn.
Fetts fk. 1/1: Røys. Ho er bygd av kamp, lynggrodd, 10 m i tvm., 1 m høg, utkasta i midten. Fetts fk. 1/2: Røys. Ho er 4 m i tvm., 0,5 m høg, bygd som fk. 1/1, ser urøyvd ut.
Røysa "Varden" er bygd av stor kamp lagd på berget i 20 m tvm., 2 m høgd. Ein varde er bygd i austre del, og der er nokre små groper etter utkasting. Funn er ikkje kjent.
Diameter 70 cm. Skjørbrent stein, kull. Kulturminnet er dispensert for uten vilkår om arkeologisk utgravning, jf. Riksantikvarens vedtak datert 24.06.11 (saksnr. 10/01457-14).